Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Hamre - kyrkjestad i 1000 år
Av Kristoffer Foldøy
I 2024 er det 1000 år sidan Olav den heilage fastla på Mostratinget korleis kyrkjeskipnaden skulle vera i landet. I kvart fylke skule det vera ei fjordungskyrkje, og for Nordhordland vart Hamre vald som stad for fylkeskyrkja. Denne boka er såleis ei 1000-årsmarkering av Hamre som kyrkjestad.
Kristoffer Foldøy har i mange år arbeidt med historia om Hamre-kyrkja, og har gjennom åra skrive mange artiklar om kyrkja og ulike sider kring kyrkjetradisjonane. I denne boka er desse artiklane om kyrkja og kyrkjstaden samla. I tillegg har Anne Marta Hoff ein artikkel der ho presenterer sjølve kyrkjebygget. Og Geir Kleiveland har skrive om utviklinga frå fylkeskyrkje til soknekyrkje.
Boka er rikt illustrerte med nye og gamle bilete.
Boka er på 96 sider - stivbind - format 21x21 cm.
Pris kr 250 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-59-1
Utgjevingsår: 2024
Boka kan kjøpast i nettbutikken vår, COOP Extra og MEKK i Lonevåg og Arna Libris i Indre Arna.
Kjøp
Hamre kyrkjestad 1000 år



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet