Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.

Osterøy kommune vert skipa


Hausten 1946 oppnemnde Stortinget ein komité som skulle gå gjennom heile kommune-Noreg med tanke på å få til sterkare kommunar. Komiteen fekk namnet kommuneinndelingskomiteen, men er i ettertida meir kjend under namnet Schei-komiteen etter formannen, Nikolai Schei, fylkesmann i Sogn og Fjordane. I 1952 leverte komiteen ei fyrste innstilling der dei meir prinsipielle spørsmåla om kommunesamanslåingar vart tekne opp. Kommunestyra fekk tilsendt ein del spørsmål knytte til saka. Lokalt ser ein at saka vart teken opp utan særlege merknader. I Hamre uttrykte til dømes heradsstyret at det var stort sett samd med komiteen, men peika på at det måtte gjevast unntak frå komiteen sitt framlegg om at ein kommune burde ha minst 2500–3000 innbyggjarar. I fleire år arbeidde komiteen vidare og saumfor alle kommunane i landet, og i 1957 kunne Stortinget vedta det fyrste framlegget til ny kommuneinndeling. Etter omfattande høyringar vart dei viktigaste endringane fastslegne ved stortingsvedtak i 1963. Talet på kommunar vart redusert frå 744 til 444.


Tidleg i 1958 kom Schei-komiteen sine framlegg på bordet. Fleirtalsframlegget gjekk ut på at dei delane av Haus, Hamre og Hosanger kommunar som låg på Osterøy, vart samla til ein ny kommune med namnet Osterøy. Mindretalet i komiteen føreslo å la Haus-sokna på Osterøy halda fram som Haus kommune saman med fastlandsdelen. Førebels var Bruvik ikkje avklara. Saka gjekk til handsaming i kommunane, og no var engasjementet sterkare. Meiningane var svært ulike i dei fire kommunestyra, sjølv om dei fleste såg føre seg ei samling av i alle fall delar av Osterøy. Frametter våren 1958 vart det halde folkerøystingar i kommunane over framlegga frå Schei-komiteen. Då saka vart handsama i kommunestyra, skein det gjennom at alle frykta at eigne bygder ville verta svekka, og at tyngdepunktet i ein ny kommune ville hamna utanfor eige nærområde.


Hamre kommune heldt krinsmøte i slutten av februar 1958, og på desse møta fekk folk samstundes røysta over ulike alternativ. Av i alt 274 avgjevne røyster gjekk over 90 % inn for å dela Hamre kommune langs fjorden. Skepsisen mot å dela kommunen var størst på Osterøy-sida, der kvar femte røyst gjekk mot deling. Det neste punktet folk skulle ta stilling til, var framlegga frå fleirtalet og mindretalet i komiteen. I Osterøy-krinsane gjekk så godt som alle inn for fleirtalsframlegget, altså at Osterøy vart samla til éin kommune. Men nokre røysta for alternative framlegg: Haus-sokna til fastlandet, Osterøy-delen av Hamre til Åsane, og at Osterøy-delen av Hamre saman med Haugo krins og eventuelt Lonevåg skulle danna ein ny kommune.


Då heradsstyret skulle ta stilling til saka, gjekk eit samrøystes heradsstyre inn for tilrådinga frå formannskapet, som sa ja til ein ny Osterøy kommune. Formannskapet framheva særleg at også Bruvik-delen på Osterøy måtte vera med i den nye kommunen, for snart ville vegsambandet mellom Bruvik-bygdene og resten av øya vera ferdig. Dessutan la formannskapet stor vekt på kvar administrasjonsstaden for den nye kommunen måtte liggja: «Det aller meste av kommunen vil ha sitt kommunikasjonsmessige sentrum på Valestrandsfossen, der ferdsla går vidare med bil til Bergen. Det er då heilt naturleg at administrasjonssentrumet vert lagt til Valestrandsfossen. Å leggja dette lenger oppe på Osterøy, t.d. i Lonevåg vil vera svært ulagleg...» Formannskapet mjøla her si eiga kake, men verka ikkje heilt overtydd om krafta i eigen argumentasjon og avrunda difor med å streka under endå ein gong «at administrasjonen i ein kommune må liggja i det kommunikasjonsmessige sentrum, og at den i dette tilfelle vert lagt til Valestrandsfossen». Som sagt, dette slutta heradsstyret seg til. Hamre stødde såleis sterkt tanken om ein ny Osterøy kommune.


I Haus kommune var meiningane meir delte. Her viste folkerøystingane at særleg folk i Haus-sokna ynskte å halda saman med fastlandsdelen sin. Under låg utan tvil at mange meinte ein ny Osterøy kommune ville ha for veikt næringsgrunnlag til å makta dei mange kommunale oppgåvene alle såg strøymde på. Ein ville stå seg betre om ein heldt saman med fastlandet, der det var mange solide fabrikkar som gav gode skatteinntekter. I heradsstyret røysta 31 mot å dela kommunen, berre 5 røysta for. Då saka til slutt kom opp i 1962, føreslo ordførar Holmefjord at Haus slutta seg til mindretalsframlegget frå Schei-komiteen, slik at soknene Bruvik og Haus gjekk saman med fastlandsdelen av Haus kommune. Sigvald Hauge målbar fleirtalsframlegget frå komiteen, og då heradsstyret røysta, gjekk 20 inn for Holmefjord sitt framlegg, 15 for Hauge sitt. Heradsstyret i Haus vende altså tommelen ned for ein ny Osterøy kommune.


Også i Hosanger var mange skeptiske til kommunesamanslåinga. Her var det avgjerande spørsmålet om Hosanger kommune skulle delast eller ikkje. Ved folkerøysting var det for heile kommunen vel 52 % av dei som røysta, som gjekk mot å dela kommunen. Men av dei som røysta på Osterøy, var berre vel 42 % mot deling. Ei nemnd som førebudde saka for formannskapet, delte seg i to. Magnus Eide målbar synet for dei som villa halda Hosanger oppe som eigen kommune, og streka særleg under at fjorden ikkje var noko hinder. Han føretrekte interkommunalt samarbeid framfor å laga for store kommunar. Ordførar Alv Hagen støtta Schei-komiteen sitt framlegg om ein ny Osterøy kommune, og la vekt på det motsette, at fjorden var eit stengsel medan vegane batt Osterøy saman. I formannskapet fekk Eide sitt framlegg tre røyster mot to for Hagen sitt. Då saka kom opp i heradsstyret, røysta representantane ved namneopprop. Utfallet vart at Hagen sitt framlegg fekk elleve røyster mot seks for Eide sitt. Dei fleste representantane nordom fjorden røysta mot å dela kommunen, medan fleirtalet av dei som ville ha ein ny Osterøy kommune, kom frå Osterøy-sida. Subsidiært vedtok heradsstyret, mot éi røyst, å gå inn for at viss det likevel vart ein ny storkommune på øya, måtte Haus-sokna vera med i den.


Då saka på nytt kom opp att i 1962, var det Ragnvald Vikesund som tala sterkast mot å dela kommunen, medan Gottfred Thunestvedt var talsmann for ein ny storkommune. I formannskapet fekk Vikesund sitt framlegg knapt fleirtal, men i heradsstyret fekk framlegget om ein ny Osterøy kommune fleirtal så vidt det var, med ni mot åtte røyster.


Bruvik heradsstyre ville i utgangspunktet halda oppe kommunen som han var, men aksepterte at den delen av kommunen som låg på Osterøy, vart slege saman med ein ny Osterøy kommune når vegsambandet til Haus var ferdig.


Dermed hadde kommunestyra sagt sitt, og Stortinget skulle avgjera saka. I Bygdanytt kunne ostringane lesa frå den kongelege resolusjonen av 7. september 1962 om den nye kommunen: «Dei områda av Hamre, Hosanger og Haus som ligg på Osterøya skal skipa ein heradskommune saman med det området av Bruvik kommune på Osterøya som ligg sør for Hesjedal krins (eigedomane under gnr. 1-11 i Bruvik).» Dermed var Osterøy kommune ein realitet. Kommunesamanslåinga skulle gjelda frå 1. januar 1964.


Ei tilsvarande sanering av kommunar ser me elles i Hordaland. I 1838 var det 27 kommunar i fylket. Av same grunnar som i vårt område vart mange av dei store kommunane delte, slik at i 1947 var det 57 kommunar, meir enn dobbelt så mange som då kommunane vart skipa. Det er det høgaste talet kommunar som har vore i fylket. Etter kommunereforma var talet på kommunar redusert til 37.


I alle dei gamle kommunane skein det gjennom at mange var redde for å koma ut som den tapande part ved ei kommunesamanslåing. Dei fleste vegra seg for å kappa banda til fortida og gå inn i noko nytt og uvisst. I Haus ser me dette ved at folket i Haus-sokna ynskte å halda saman med Arna. Det var mange i denne delen av Osterøy som hadde arbeidsplassen sin i Arna og kjende seg meir knytte til desse bygdelaga enn til mange av bygdene på Osterøy. Dessutan vog det tungt at Arna hadde ein sterk industri som var grunnlag for ein sterk kommune. Endeleg såg mange for seg kort reisetid til Bergen, for sidan 1959 hadde Ulrikstunellen vore under arbeid. (Tunellen vart opna for togtrafikk 1. august 1964.) Folket i Gjerstad-sokna såg litt annleis på spørsmålet, for her var det mange som var skuffa over Haus kommune etter saka om gamleheimsbygginga i kommunen på 1950-talet. Bygdanytt kunne endå til melda at Gjerstad-folket venta på Osterøy kommune, så misnøgde var dei med Haus. Ved sida av gamleheimssaka trekte folk også fram at dei meinte kommunen gjorde lite for å byggja vegar innanfor heradet. Som svar på kritikken måtte ordførar Holmefjord rykkja ut og påpeika i detalj kva veganlegg som var bygde ferdige siste åra, og det var ikkje så reint få, meinte han.


I Hosanger var det sterke krefter som arbeidde mot å dela Hosanger kommune, sjølv om eit knapt fleirtal i heradsstyret gjekk inn for ein ny Osterøy kommune. På eit fellesmøte for heradsstyra på Skistad i januar 1962 talte Ragnvald Vikesund sterkt for å halda oppe Hosanger kommune. Han meinte det var ei ulukke for landet at Schei-komiteen kom i arbeid, og det ville vera gale om Hosanger vart riven sund. Han hevda at det var Hamre som var «Judas» og hadde skulda, men han var klår over at motstand var nyttelaus. Ordførar Eivind K. Rundhovde vart forskrekka over uttalen og håpte det var meint som spøk.


Når Vikesund meinte Hamre hadde skulda, var det fordi heradsstyret der tidleg og utan særlege atterhald gjekk inn for ein ny storkommune på Osterøy. Slik utviklinga hadde gått, var det for alle tydeleg at det på ei eller anna vis ville verta ein kommune på nordsida av Osterfjorden. I ein slik situasjon hadde Hamre-delen på Osterøy berre to val, anten slå seg saman med Åsane eller gå inn i ein ny Osterøy kommune. For så godt som alle var berre det siste alternativet realistisk. Men trass i at Hamre tidleg flagga for nye Osterøy, var det også der frykt for om taps- og vinningssida ville balansera. Det kom tydeleg til uttrykk i den sterke vekta heradsstyret la på at Valestrand måtte verta administrasjonsstad for den nye kommunen (jf. ovanfor). Det same kom til uttrykk då heradsstyra drøfta den nye skuleordninga med niårig skule, som var på troppene. Hamre heradsstyre slo såleis fast at Valestrand var beste staden for ny niårig skule på Osterøy for ingen skulehus var store nok for det nye skuleslaget.


Seinhaustes i 1962 kalla fylkesmannen inn alle representantane frå dei sitjande heradsstyra til eit fellesmøte på Valestrand der dei vedtok at den nye kommunen skulle ha namnet Osterøy. Fleire snakka varmt for at namnet burde vera Haus, andre føreslo Oster. Til slutt vart Osterøy vedteke mot éi røyst. Representantane fastsette at talet på medlemer i Osterøy heradsstyre skulle vera 35. Samstundes valde møtet ei nemnd på sju personar med talsmenn frå alle dei fire kommunane som skulle førebu oppstarten av den nye kommunen. Formann i nemnda vart Eivind K. Rundhovde frå Hamre, nestformann Gerhard Bøe frå Haus, og Ragnvald Vikesund frå Hosanger vart skrivar. Nemnda sette opp plan for kor mange tilsette den nye kommunen skulle ha, og utarbeidde framlegg til det fyrste budsjettet for Osterøy kommune.



Kommunane på Osterøy.

Osterøy kommune 1964 Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet