Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Gamle Lonevågen
„Gamle Lonevågen” er boka om korleis bygdesenteret inst i Lonevågen voks fram i fyrste delen av 1900-talet. Me får kjennskap til korleis levekåra var for folk, og kva for ulike aktivitetar som skapte sentrumsstaden. Og ikkje minst vert me kjende med dei mange personane som sette sitt preg på bygdelivet.
Det er syskena Maria Njåstad, f. 1908, og Jon Solberg, f. 1914, som fører ordet i boka. Dei fortel om korleis det var i Lonevågen i deira barndom og tidlege ungdom. Det meste av stoffet i boka byggjer på Maria sine mange stykke som ho har skrive om oppveksten sin i mange ulike samanhengar. Jon samla dette til eit hefte for familien for ein del år sidan, og intervjua også ein del eldre bygdefolk. Seinare har Maria fylt på med fleire forteljingar frå barndomen sin. Til saman har dette vorte til boka om „Gamle Lonevågen”.
Ein del av innhaldet i boka er familiært, men det meste har allmenn interesse. Me kjem nær innpå folk i kvardagen, og møter mange enkeltlagnader. Samstundes vert me kjende med korleis det var i Lonevågen tidlegare, ein stad som i løpet av dei siste tiåra har fått eit heilt nytt „ansikt”.
Boka vender seg såleis til alle med interesse for „gamle dagar”.
Boka er på 96 sider. Pris kr 150 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 82-91229-12-0
Utgjevingsår: 2006
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet