Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Bilete Bilete Bilete
Bilete
Du kan bla i kalenderbileta HER–->
Bilete Bilete

Tradisjonskalender

Osterøy Sogelag arbeider for å ta vare på tradisjonane i det gamle bygdemiljøet. Tidsrekninga åt forfedrane våre er ein av desse tradisjonane. Difor gjev me ut “Tradisjonskalender for Osterøy”. Forfedrane våre hadde ikkje kalender. For dei gjekk tidsrekninga etter primstaven. Det var ei avlang trefjøl med eit hakk for kvar dag og med særskilde figurar eller symbol for dei viktigaste merkedagane. Primstaven hadde ei sumarside og ei vinterside. Sumarsida tok til den 14. april, medan vintersida tok til 14. oktober. Merkedagane styrte arbeidsåret i det gamle bondesamfunnet, og med primstaven hadde dei gamle tidsrekning som varte år etter år, til dess almanakkane vart vanlege ut på 1800-talet. Me har lagt vekt på å få med mange av dei gamle merkedagane. Mange av merkedagane var i levande tradisjon for berre eit par generasjonar sidan.

Bileta i kalenderen er valde med omhug. Her er gamle bilete frå ulike bygder på Osterøy. Motiva varierer, frå landskapsbilete, skulebilete, frå fritid, ungdomslag på skogplanting, julafeiring m.m. Flotte bilete frå ei tid som no er borte.

Ein kalender har sjølvsagt ei kort levetid. Men her på nettsidene våre kan du ta ein kik på bileta frå dei kalenderane me har gjeve ut. Det er eit flott biletsamling frå ulike sider ved bygdemiljøet.

Skulle du vera interessert i å få fat i kalenderane, har me framleis nokre eksemplar liggjande.   

Pris for den siste kalenderen er kr 75. Eldre utgåver kostar kr. 50.


Bilete Bilete Bilete Bilete Bilete Bilete


Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet