Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Vegalangs på Osterøy
„Vegalangs på Osterøy - ei kulturhistorisk reise” fortel om kva du ser når du ferdast langs vegane på Osterøy.
I tillegg til å skildra kva du ser i dag, legg boka vekt på å fortelja om kva som har vore i områda du fer gjennom. Dette er såleis like mykje ei lokalhistorisk bok som ei vegbok. Difor undertittelen ”ei kulturhistorisk reise”.
Boka er organisert med 7 hovudvegar med tilhøyrande sidevegar. Kvar hovudveg (saman med sidevegar) har eigen farge slik at du lett ser korleis dei ulike vegane heng saman.
„Vegalangs på Osterøy” er spekka med bilete, både gamle og nye. Med boka fylgjer eit kart som viser kva for hovudvegar og sidevegar som høyrer saman. Om ikkje du køyrer vegalangs, kan du ha like stor glede av boka heime i godstolen !
Bygdanytt har omtale av boka HER––>
Boka er på 240 sider - stivbind. Pris kr 320 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-33-1
Utgjevingsår: 2016
Boka kan kjøpast i nettbutikken vår, eller i butikkane på Osterøy og  Arna Libris i Indre Arna.
Kjøp
Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet