Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Ei prestefrue på Strilelandet
Henrikka Landstad og oppskriftene hennar
Av Randi Andersen
Kan ei lita handskriven notatbok og nokre familiealbum kasta lys over livet til ei heller anonym prestefrue på Strilelandet i siste helvta av 1800-talet? Kan det i så fall fortelja om levekåra hennar i den tida som blir kalla det store hamskiftet?
Mest heile det vaksne livet sitt budde Elen Henrikka Landstad i Haus. Me følgjer henne frå hus til hus og får samstundes eit blikk inn i endringar i byggjeskikk og bustandard. Det er likevel tekstilarbeid og matlaging som vert hovudtema.
La deg utfordra av Henrikka sine matoppskrifter – såvel som strikke- og vevoppskrifter. I tillegg er boka rikt illustrert, med både gamle og nye bilete.
Boka er på 137 sider - mjukbind - format 21x21 cm.
Pris kr 260 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-54-6
Utgjevingsår: 2022
Boka kan kjøpast i nettbutikken vår, COOP Extra og MEKK i Lonevåg og Arna Libris i Indre Arna.
Kjøp