Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Boka er på 204 sider - stivbind. Pris kr 320 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-36-2
Utgjevingsår: 2018
Boka kan kjøpast i nettbutikken vår, eller i butikkane på Osterøy og  Arna Libris i Indre Arna.
Ein våg me veit um. Arbeidsliv ved Mjøsvågen
Av Geir Kleiveland
Boka tek føre seg dei ulike næringsaktivitetane folket ved Mjøsvågen har drive fram gjennom tida. Gardsbruka var småe, og det var nødvendig med ulike attåtnæringar.
Frå gamalt var det mange som var på bygningsarbeid. Seinare kom andre yrke til. Her var garvarar, fargarar, skreddarar, skomakarar, metallarbeidarar, landhandlarar, tekstilprodusentar. Men kanskje meir spesielt var det at det utvikla seg næringsklyngjer i fleire næringar, det som i dag er så mykje omtykt. Ein føregangsmann startar og oppnår suksess. Det får andre til å hengja seg på.
Ved Mjøsvågen skjedde det med kistemakarane, der den fyrste i løpet av eit par tiår fekk fylgje av sju-åtte som også laga kister, skrin og koffertar. I tiåra før og etter 1900 var det å laga kister ei viktig næring ved Mjøsvågen.
Noko av det same skjedde i metallfaget. Også her fekk føregangsmannen fylgje av fleire som starta eigne verkstader, og i lang tid var metallverkstadene viktigaste arbeidsplassane i bygda. I dag har ein av desse verkstadene, Mjøs Metall, vorte ei av dei største bedriftene i Osterøy kommune.
Det er historia om dei mange næringsgreinene ved Mjøsvågen denne boka handlar om.
„Ein våg me veit um” er spekka med bilete, både gamle og nye.
Kjøp

Bileta frå boka, og ein heil del andre bilete frå prosjektet, ligg på heimesida til sogelaget.

Bileta er ordna etter kapitla i boka. Talet i filnamnet viser til sidetal i boka.

Bilete frå boka finn du HER —>




Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet