Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Prosjekt-skisse for allmenn bygdesoge for Osterøy

- opplegg og innhald


Bakgrunn

For Osterøy er det etter kvart kome ut ein god del lokalhistorisk litteratur. Mykje av det som er skrive, dekkjer avgrensa emne frå fortida. Anna stoff byggjer på den gamle kommuneinndelinga og femner såleis berre delar av kommunen.


Når ein snakkar om eit bygdebokverk, skil ein gjerne mellom ættesoge, gardssoge og allmenn bygdesoge. For Osterøy sin del finst det no ættesoger for heile kommunen. Gardssoger finst det for delar av kommunen (Bruvik og Hamre). Men slik stoda er i dag, vil det vera naturleg at neste steg er ei allmenn bygdesoge som dekkjer heile det området som i dag er Osterøy kommune.


Allmenn bygdesoge i to band

Ei allmenn bygdesoge vil ta for seg den generelle utviklinga i Osterøy. Sentralt vil det vera å ta for seg kva årsaker som har vore med å forma bygdesamfunnet. Det vil vera viktig å avdekkja dei drivkrefter som til ulike tider har påverka og endra bygdesamfunnet. Ei allmenn bygdesoge vil såleis ta for seg dei lange utviklingsliner gjennom Osterøy-soga. Sidan Osterøy kommune er ei samanslåing av fire tidlegare kommunar, vil det også vera av interesse å sjå utviklinga i dei ulike delane av kommunen i høve til einannan. Dessutan må utviklinga i Osterøy-samfunnet sjåast i høve til den allmenne utviklinga andre stader, både i regionen og landet.


Det er viktig at ei allmenn bygdesoge fyrst og fremst vender seg til bygdefolket. Den historiske framstillinga må difor gjevast ei form som vekkjer lesarlyst og lesarglede hjå den vanlege lesar. Men samstundes må bygdesoga tilfredsstilla faglege krav til innhald.


Band-inndeling og innhald

Ei allmenn bygdesoge for Osterøy skal femna om ein svært lang periode, frå dei eldste tider til i dag. Dersom alle delar av samfunnslivet på Osterøy gjennom tidene skal få ei tilfredsstillande handsaming, vil to band vera eit minimum. Det er difor viktig å finna rimelege skiljepunkt mellom banda. Stoff-tilfanget bør vera tolleg jamn, og bør ikkje bryta viktige historiske samanhengar.


Kring 1870 byrja hamskiftet som med kvart endra lokalsamfunnet fullstendig. Me finn det naturleg å leggja tyngda i framstillinga på samfunnsutviklinga frå denne endringsprosessen tok til og fram til i dag. Ut frå dette legg Osterøy Bygdeboknemnd opp til fylgjande inndeling mellom dei to banda:


Band 1:

Frå dei eldste tider til ca. 1870

I heile denne lange perioden var sjølve endringstakten i samfunnet langsam. Me har føre oss eit samfunn som var etter måten einsarta, og der endringar skjedde over lang tid og ikkje gjekk særleg djupt. Kjeldesituasjonen tilseier at det er grenser for kor mykje det er naturleg å ta med i den eldste delen, men det er naturleg å gje bandet ei todeling, for frå midten av 1600-talet flyt kjeldene rikare, og det vil vera mogleg å skildra Osterøy-samfunnet meir i djupna. Men framleis var samfunnet prega av å vera eit nærmast reint bondesamfunn.


Band 2:

Frå 1870 til i dag

I siste halvdelen av 1800-talet byrja det å skje store endringar i bygdesamfunna, det som er kalla hamskiftet. Bygdene vart i større grad opna mot omverda, og me fekk overgangen frå naturalhushald til pengehushald. I tillegg skjedde det nye ting på mange andre felt av samfunnslivet, innan samferdsle, kulturliv, lokalstyret m.m. Endringane var sterkare og gjekk djupare enn nokon gong tidlegare. Dette bandet vil såleis vera prega av at det gamle Osterøy-samfunnet vart fullstendig omskipla, og det samfunnet me kjenner i dag vart forma.


Aktuelle emne i dei ulike banda

I det fylgjande nemner me nokre aktuelle liner og hovudtema. Ein del tema vil naturleg koma att til fornya drøfting i dei to banda.


Fyrste bandet opnar med ein presentasjon av bygdene slik dei var frå naturen si side, slik at ein får eit bilete av rammevilkåra for busetnad og levemåte; topografi og naturressursar. Ut frå naturgrunnlaget fylgjer ein så korleis menneska tek naturen i bruk, rydjar gardar og skaper samfunn. Grunna det lange tidsrommet dette bandet skal dekkja, må framstillinga byggjast opp med lange tidssveip, t.d. når det gjeld utvidinga av busetnaden og jordeigedomstilhøva. I siste delen av dette bandet vil det vera mogleg å gje eit meir detaljert bilete av korleis ostringane levde og budde. Kjeldene gjev oss høve til å koma folk innpå livet i kvardagen.


Stikkord for innhaldet elles i bandet:

Busetnad og gardsskipnad (frå fangstfolk til bufolk).

Jordeige og jordleige.

Jordbruksproduksjon og anna næring.

Øydetid og folketap (svartedauden).

Atterreising på 1500- og 1600-talet.

Lokalforvaltinga.

Sosiale tilhøve (levemåte, sosial struktur, helsestell)

Demografisk utvikling (fødsel - død, den sterke folkeauken på 1800-talet)

Garden som samfunn: byggjeskikk, husbunad, arbeidsdeling, kvardag og helg.

Bygda som fellesskap: rettsskipnad, kyrkje, skule, fattigstell, bygdestyring.

Samferdsle, samkvem med andre, handel, byføringa.

Folkepress gjev bruksdeling og framvekst av husmannsvesenet.


I det andre bandet vil hovudtemaet vera eit samfunn i endring. Her vil hovudvekta liggja på dei endringane som slo sterkt inn i siste halvdel av 1800-talet. I denne perioden vert det einsarta og til dels stilleståande jordbrukssamfunnet brote sundt og avløyst av eit meir mangslunge og opnare samfunn. Og trass kriser og krig opplevde bygdene ein materiell velstand og vekst som tidlegare hadde vore utenkjeleg.


Sentrale emne vil vera:

Omskifte i jordbruket: utskiftingar, meieridrift, salsjordbruk, mekanisering.

Samferdslerevolusjonen: dampen, vegbygging, ferjer og bilen: bygdene vert knytte sterkare til omverda.

Demografisk utvikling, endring i sysselsetjing og sosial struktur, utflytting (Amerika, dei nye industristadene).

Yrkeslivet: frå handverk til småindustri.

Det sosiale samlivet: gamle og nye fellesskapsformer, lags- og kulturlivet.

Bygdestyringa, utvikling av den offentlege sektor.

Tekniske nyvinningar endrar dagleglivet: straum, telefon m.m.


Omfang og form

Kvart av dei to banda er planlagde til ca. 400 tekstsider. I tillegg skal bøkene utstyrast på høgd med det ein ventar av eit moderne bygdebokverk: bilete, illustrasjonar, kart m.m., noko som har ei ramme på ca. 100 sider. Dertil kjem register, kjeldetilvisingar m.m. på ca. 50 sider, slik at samla omfang på kvart band vil vera ca. 550 sider.

I bøkene vil ein leggja vekt på ei lettlesen og levande framstillingsform, utan at dette kjem i konflikt med kravet om eit solid fagleg nivå.


Finansiering

Osterøy Bygdeboknemnd har vedteke å setja i gong dette omfattande prosjektet. Ramma for prosjektet er 7 årsverk med ein total kostnad på ca. 5,2 mill. kroner. Osterøy Sogelag skal skaffa ca. 2,9 mill. kr, og laget lånte 500.000 kroner i desember 2010 hjå Sparebanken Vest. Salsinntektene er berekna til ca. 1,3 mill. kr. Kommunalt bidrag er på ca. 1 mill kroner.  Det andre bandet er planlagt utgjeve hausten 2011.


Osterøy januar 2004 / oppdatert mars 2011.


Osterøy Bygdeboknemnd




Bygdeboka - bd. I Bygdeboka - bd II Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet