Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.

Utskiftingane – revolusjonen i gardsmiljøet


Gjennom lang tid hadde embetsmenn klaga over at teigblandinga var det største hinderet for eit betre jordbruk. Det var kanskje lett å sjå for den som såg bygdesamfunna utanfrå, men ikkje like lett å gjennomføra for dei som måtte ta med både fordelar og ulemper. For bøndene fortona det seg som eit sjansespel å byta teigar, og mange hadde ein tendens til å leggja meir vekt på tapssida enn vinnsida ved prosessen.


Når éin eller fleire brukarar på ein gard kravde utskifting, var det i så godt som alle tilfella innmarka som vart teken fyrst. Utskiftingsretten styrte prosessen. Retten vart leia av ein fagutdanna formann som vanlegvis hadde to lokale rettsmenn med seg. Fyrste delen av arbeidet var å slå fast grensene og kva teigar kvar brukar åtte. Deretter vart kvar enkelt teig vurdert, bonitert som det heitte, slik at verdien av ulike teigar kunne setjast opp mot einannan. Dette var grunnlagsarbeidet. Så tok den vanskelegaste delen av arbeidet til: teigbyte, nye grenselinjer og kva for hus som måtte flyttast. Til slutt vedtok utskiftingsretten korleis kostnadene med utskiftinga skulle delast. Når kvar brukar no fekk samanhengande teigar, kunne enkelte få for lite åker. Ein annan kunne kanskje få for lite eller dårleg eng. I slike tilfelle kunne naboane verta pålagde å delta i dyrkingsarbeid eller betala ein viss sum for å utlikna skilnaden. På dei fleste gardane var det husflyttinga som kosta mest. Dyrast vart dette sjølvsagt for dei som måtte flytta alle husa sine ut or fellestunet og til nye tunstader. Dei som slapp lettare frå flyttinga, måtte vera med og betala ein del av kostnadene til dei som fekk store utgifter og mykje arbeid. Utskiftingsretten fastla også korleis gjerdeplikta mellom brukarane skulle fordelast, og kva for vegar som skulle byggjast. Vegarbeid var oftast eit fellestiltak der arbeidsbøra og utgiftene vart nøyaktig fordelte. På dei gardane der det var aktuelt, vart det òg fastlagt rettar ved strandlinja, og andre stader vart det nøye presisert kva vasskjelder den enkelte hadde rett til å nytta.


I løpet av nokre tiår endra utskiftingane gardsstrukturen på gardane. Den gamle fellesskapen med fellestun og teigblanding, som kravde stor grad av samarbeid, vart borte. I staden stod kvar enkelt brukar i mykje større grad no på eigne bein, for han var ikkje på same måten avhengig av naboane. Når det gamle fellestunet vart sprengt og brukarane bygde nye tun på hovudteigane sine, vart også den fysiske avstanden mellom naboane større. Eit talande døme på dette finn me frå Hjellvik-krinsen. «Det vert langt mellom oss no,» skal ei kone ha sagt til grannekona då ho flytta. «Kvar skal me no av å låna varme?» Dette hjartesukket viser noko av den nærleiken folk i dei gamle fellestuna kjende med kvarandre. Særleg for eldre folk var det tilgåeleg å bryta opp frå det tilvande. Dei kjende sin plass og meinte helst at det ville vera uråd å trivast på nye stader. Men med tida jenka det seg til, og dei fleste såg etter kvart at føremonene med utskiftingane var større enn ulempene.


På Rongve tok utskiftinga på innmarka til i 1879 og var ferdig i 1884. Fleire av brukarane måtte flytta tuna sine. Mellom anna måtte Jon Larsson på bnr. 4 flytta floren sin to gonger. Fyrste gongen var han ikkje nøyen nok med kvar den nye grensa til naboen gjekk, slik at floren vart ståande litt inne på naboen. Det godtok ikkje naboen, slik at Jon måtte flytta floren ein gong til.


På dei fleste gardane var det dei mest framstegsvenlege, gjerne dei yngre, brukarane som ivra mest for utskifting. Dei la vekt på føremonene ved å skifta teigar og såg teigbyte som eit vilkår for å forbetra jordbruksdrifta. Eldre folk hadde ein tendens til å halda fast på det gamle. Særleg var åkrane mest for heilage å rekna for dei gamle. På Søre Askeland hadde dei ein åker dei kalla Udbrotet, og der hadde det vore åker i uminnelege tider, så lenge at det var lite jord att. Etter at innmarka vart utskift i 1899, ville sonen på det eine bruket leggja att denne åkeren til eng. Men då skal faren ha brote ut: «Du kan leggja att ræva med sama då.» Han rekna det mest for heilagbrot å leggja att ein eldgamal åker som hadde gjeve mat så lenge folk kunne hugsa. Men etter som nye driftsmåtar vann fram, hadde truleg sonen fornufta på si side.


På nokre gardar skapte spesielle tilhøve vanskar, og då måtte særskilde ordningar takast i bruk. På Øvsthus hadde dei frå gamalt av felles geil for søre og nordre Øvsthus, der dei dreiv beista frå florane ut i utmarka. Den delen av geila som gjekk over nordre delen av garden, var mykje betre enn på søre. Då det vart slutt på å bruka geila som geil, hadde likevel bruka på søre Øvsthus partar i denne sameiga. Under utskiftinga av innmarka på nordre Øvsthus i 1890 gjekk Geilebakkane inn i utskiftinga, og som vederlag fekk bruka på søre Øvsthus eit stykke nær Haugane kalla Håleitet. Det var skrapebø, og bruka på søre Øvsthus brukte det saman slik at dei slo det i lag, to frå kvart bruk og delte høyet likt på kvart bruk når høyet var turt.


Frå andre gardar ser me at utskiftinga førte til spenningar mellom naboane. På Tysså var dei tre hovudbrukarane Peder Andersson, Ivar Halvardsson og Mons Olsson ferdige med utskiftinga av innmarka hausten 1880. Men Peder og Mons var misnøgde med resultatet og ville ha overutskifting. Ivar ville derimot ha utskiftinga gjennomført og gjorde kva han kunne for å hindra overutskifting. Dagen før ankefristen gjekk ut, var Peder reisekledd og klar til byferd for å levera anken. Ivar møtte opp i tunet hans før han skulle dra, og spurde om ikkje dei som gode naboar kunne skifta ei skål øl før han reiste til byen. Alle dei tre brukarane drakk både éi og fleire skåler, byferda vart gløymd, og utskiftinga var berga – trudde Ivar. Men Peder og Mons kom då på at dei skulle gjera «Overenskomst» om at utskiftinga skulle ikkje takast i bruk før om 25 år fordi dei ikkje makta utgiftene med husflyttinga. Den som braut denne avtalen, skulle betala 400 kroner til dei andre. I det lystige laget skreiv alle tre under, og avtalen vart høgtidleg tinglesen. Men då Ivar sansa seg og skjøna kva han hadde skrive under på, skreiv han ein protest mot avtalen. Den er datert to veker etter og opnar slik: «Protest. I et Drikkegilde paa Gaarden Tøssen i Peder Andersens Hus …» Ivar skreiv vidare at avtalen var ugyldig «fordi jeg ved dens Oprettelse ikke var ved Sands og Samling …» For å gje protesten ekstra vekt peika han også på at avtalen stridde mot ein av paragrafane i utskiftingslova. Etter desse bruduljane og etter at alle tre hadde fått tenkt seg om, vart likevel utskiftinga gjennomført. Dei tre bruka hadde hatt tuna sine i bakkehallet på austsida av elva. Etter utskiftinga vart husa til Mons flytta over til vestsida av elva, der teigane hans var samla. Peder fekk det meste av bruket sitt austafor elva med ein snipp også på vestsida. Bruket til Ivar låg nord for Peder sitt bruk.


Etter utskiftingslova hadde den som var usamd i resultatet av utskiftinga, rett til å krevja overutskifting. Svært mange brukarar gav uttrykk for at dei hadde fått for lite eller for dårleg mark, og i alle fall at naboane hadde kome betre ut av utskiftinga enn dei sjølve. På ein gard meinte dei fleste at ein av brukarane hadde kome godt ut med utskiftinga. Ei nabokone ville pirka litt borti kona på bruket som hadde kome ut på plussida: «No når de har fått so mykje jord, lyt de byggja større løa.» «Okk ja, dar e endå eit utlegg me ikkje har teke med,» var svaret.


På ein annan gard påstod ei kone andsynes utskiftingsformannen at naboen hadde stole jord frå dei, og at han vel ville stela meir. Då utsegna kom naboen for øyra, kjende han seg ærekrenka og gjekk til sak. I retten vart kona dømd og ytringa hennar, «at ‘Sagsøgeren har stjaalet fra dem og vel vilde sjæle mere frå dem’ kjendes død og magtesløs at være.» Ho fekk ei bot på 10 kroner, og i tillegg måtte ho betale 5 kroner i sakskostnader og 40 kroner i erstatning til naboen.


Misnøye frå éin eller fleire brukarar førte til at det vart halde overutskifting på svært mange gardar. Endringane ved overutskiftingane var oftast minimale, ei grenselinje vart kanskje flytta ørlite hit, ei anna ørlite dit. Men det var oftast nok til at dei fleste slo seg til ro, og den misnøgde kunne syna andre at retten var samd med han. Ingen tvil om at det var mykje psykologi med i spelet. Men i nokre tilfelle snudde overutskiftinga opp ned på heile utskiftinga.


Den store bylgja av utskiftingar frå 1870-åra var det viktigaste som skjedde i bygdesamfunna på Osterøy. Denne revolusjonen var ein viktig føresetnad for mange nye tiltak og endringar som i neste omgang var med og endra bygdene i endå sterkare grad.


Etter at innmarka var utskift, var utmarka på dei fleste gardane felles som før. Det var fyrst etter 1910 utmarka vart utskift på fleire og fleire gardar, slik at kvar eigar også fekk utmarka si i samla teigar. Rett nok måtte utmarka åt ein brukar delast i fleire teigar på mange gardar. Men det avgjerande var at det vart klåre eigartilhøve også i utmarka.


Utskiftingane førte med seg ufatteleg mykje arbeid, og det meste av arbeidet som retten fastla, skulle vera ferdig innan ei viss tid, ofte i løpet av berre eit par år. Verst var det for dei som måtte flytta alle husa sine til nye tunstader. Etter at brukarane hadde fått innmarka samla, måtte dei byggja gjerde i dei nye grenselinjene. Oftast var det steingardar som vart mura. For mange var arbeidet etter utskiftinga så omfattande at dei kunne ikkje vinna med det åleine og måtte leiga folk. På mange gardar vart brukarane pålagde ei felles oppgåve med å kanalisera for å vinna inn vassjukt land. Og etter kvart som også utmarka vart utskift, opna det for nydyrking i stor stil av tidlegare lite høveleg jordbruksland. Med jorda i samla jordstykke tok dei fleste bøndene til med nydyrking. Store myrområde vart no for alvor gjorde om til godt jordbruksland. Offentlege tilskot til myrdyrking hjelpte mange prosjekt i veg, og det heiter seg at «bøndene snakka berre myr». Mange brukarar dreiv seg sjølve hardt, men alt dette nybrotsarbeidet gav òg sysselsetjing til mange lausarbeidarar. Dette opna ein ny arbeidsmarknad i lokalsamfunna for mange som ikkje hadde gard å leva av. Mange frå husmannsplass og småbruk fekk dermed høve til løna arbeid. Kunnige bygningsfolk trongst i stor stil. Andre spesialiserte seg på å leggja opp dei mange kilometrane med steingardar som skulle skilja mellom gardsbruka. Såleis var det mange arbeidsfolk som gjekk i årevis på dyrkingsarbeid, grøftegraving og kanalisering. For mange vart slikt jordarbeid mest for fast lønsarbeid å rekna.




Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet