Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Stadnamn i Mjøsdalen
Meir enn 800 stadnamn er samla i Mjøsdalen skulekrins. Dei er ordna etter gardsområda Hoshovde, Mjøs og Holme, Nore og Søre Øvsthus, Hole, Tveiten  og Åsheim. Namna og merknadane utgjer det meste av boka. Merknadane er forklaringar, tolkingar og korte historier. Det alfabetiske registeret (bak på kartet og i boka) gjer det lettare å finna fram.
Alle stadnamna er lagde inn på kart, som er vedlegg til boka. Stadnamnkartet kan reknast som eineståande i Norge ved at så mange namn er trykte på eitt kart og gjort tilgjengelege for allmenn bruk. Stadnamngranskaren Bottolv Helleland reknar Mjøsdalskartet som eineståande
Stadnamnsamlinga er til minne om slitarane som budde, dyrka og hausta på små bruk i Mjøsdalen. Kjende og ukjende menneske kjem fram or gløymsla i stadnamna. I Hallvarddike datt klokkar Hallvard Lassesen, bestefar til Henrik Wergeland, uti. På Dronninghaugen var dronning Alexandra av England på besøk i 1904.
Stadnamna med plantenamn apal, humle, lin og nepe viser kva som vart dyrka. Viltveksande plantar er med i mange namn på innmark og utmark. Mange stadnamn viser til tidlegare bruk, skikk og overtru. Frå Lysteinen lytta ein etter dyr på beite i marka. Frå Likleite skulle den avdøde i kista kunna sjå heimatt. Tru på troll og gygrer kjem til syne i forteljinga om dei som kasta Brørsteinane og i andre stadnamn.
Utflytta og innflytta mjøsdalingar og dei som bur i eller gjestar bygda kan utfordrast av stadnamna. Dei er:
• kulturminne som minner om samfunnet, næringslivet og menneska som var her før,
• nøklar som opnar for innsyn i tid og rom som er Mjøsdalen si natur- og kulturhistorie,
• eit språk til stadfesting: (festa til ein stad) det vi snakkar om, har røter i og høyrer til i.
Boka er på 64 sider + vedlagt kart. Pris kr 150 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen - og Hosanger Sogelag, 5282 Lonevåg
ISBN 82-91229-08-2
Utgjevingsår: 2001
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.
Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet