Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Soga om Hosanger Dampbåtbryggja
Av Lars Mjøs
Dampbåtane tok til å gå i rute i Osterfjorden kring 1867. Hosanger på Osterøy var kommunesenter for Hosanger kommune som dekte begge sider av fjorden. Bygdefolk engasjerte seg for å få faste anløp.
Eit lutlag fekk bygt Prestebryggja på prestegarden Holme, ei steinbryggje som vart forlenga med ei trebryggje for å gje nok djupne. Eit lutlag er ei form for aksjeselskap, men der eigarane har eit større økonomisk ansvar enn det dei har skote inn som lutkapital.
I 1902 tok laget i bruk ei ny steinbryggje inne i sjølve Mjøsvågen. Bryggja vart utvida ei rekkje gongar.
Dette er soga om både lutlaget og om aktivitet på og kring «kaia», ikkje minst som ein viktig møteplass.
Boka rikt illustrert, med både gamle og nye bilete.
Boka er på 64 sider - mjukbind - format 21x21 cm.
Pris kr 150 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-53-9
Utgjevingsår: 2022
Boka kan kjøpast i nettbutikken vår, COOP Extra og MEKK i Lonevåg.
Kjøp