Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Bakgrunn
I januar 2004 vart Osterøy Bygdeboknemnd skipa, og dermed kom arbeidet med Osterøy Bygdebok i gang. Bak bygdebokprosjektet står Osterøy Sogelag, Osterøy museum og Osterøy kommune.

Meininga er å skriva ei allmenn bygdesoge for Osterøy kommune, - frå dei eldste tider til i dag. Ei allmenn bygdesoge skal ta føre seg dei lange utviklingslinene i bygdesamfunnet. Sentralt er det å sjå kva drivkrefter som har vore med å påverka bygdesamfunnet til ulike tider. Det vil verta lagt vekt på å skildra livsvilkår for folk som har budd i bygdene, og korleis folk har tilpassa seg skiftande levekår. Målet er å få ei bygdesoge som fortel korleis folk har levd i bygdene våre.

Det er planlagt eit bokverk i to band. Skiljet mellom dei to banda vil vera ca. 1870, då mange ting førte til store endringar i bygdene våre. Tidsramma for prosjektet er sju årsverk. Det meste av finaniseringa står sogelaget og Osterøy museum for gjennom inntektene frå boksal gjennom mange år. Men Osterøy kommune er også med som viktig støttespelar.

Geir Kleiveland er tilsett som forfattar av Osterøy Bygdebok. Han har sidan 1991 arbeidt som bygdebokforfattar på heiltid, fyrst for Naustdal kommune og deretter for Meland kommune. Dessutan har han skrive fleire lokalhistoriske bøker om Osterøy, og han har sidan 1989 vore hovudredaktør for sogeskriftet "Osterøy i soge og samtid".

Osterøy Bygdeboknemnd er samansett av medlemer frå sogelaget, museet og Osterøy kommune. Medlemer i nemnda er:
Rune Revheim (leiar), Leiv Mæhle, Randi Andersen, Roger Breivik og Einar Hjellvik (til mars 2010), Agnar Vevle (frå mars 2010). Professor Ståle Dyrvik ved Universitetet i Bergen er fagkonsulent for prosjektet.
Bygdeboka - bd. I Bygdeboka - bd II Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet