Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Politikk på lokalplanet


Lenge var det slik at kommunevala var personorienterte. Før krigen var det sjeldan å sjå partilister ved kommunevala. Men etter krigen vart partilister meir vanlege. Haus gjennomførte partival fyrst og hadde reine partilister ved det fyrste etterkrigsvalet i 1945. I Bruvik og Hosanger stilte Ap eiga partiliste alt før krigen, men ved dei fyrste vala etter krigen var det borgarlege felleslister i begge kommunane. I Hosanger kom Høgre òg med eiga liste i femtiåra, men så lenge kommunen eksisterte, stod borgarlege felleslister sterkt. Hamre var i ei særstode, for her var det bygdelister like til Osterøy kommune vart skipa. Etter at Osterøy kommune vart oppretta, skipa dei fleste partia nokså snart lokale partilag, og med unnatak av 20 år med Tverrpolitisk samlingsliste (Tvp) har ordinære partilister vore det normale.


Det fyrste kommunevalet for den nye kommunen vart avvikla hausten 1963. Det som dominerte dette valet, var meir kva bygd kandidatane kom frå, enn kva parti dei representerte. Flest representantar fekk Ap med 13, medan dei borgarleg fekk 21, der Sp var størst med 8. Gerhard Bøe frå Sp vart fyrste ordføraren i Osterøy, og Sigvald Hauge frå Ap vart varaordførar. Desse to partia var dei førande dei fyrste tiåra. Ap hadde ei oppslutning på kring 30 %, ved dei fyrste vala endå til litt over det nivået. Sp hadde lenge ein oppslutnad på 20–25 %, men sidan valet i 1999 har partiet lege under 10 %. Krf låg kring 15 %. På same nivået låg V ved dei fyrste vala, men etter partikløyvinga i kjølvatnet av EU-røystinga i 1972, datt partiet under 10 %. Den andre halvparten av partiet, Det nye folkepartiet, Dnf (skifta seinare namn til Det liberale folkepartiet, Dlf), stilte liste ved tre lokalval og hadde litt mindre støtte. Sidan valet i 1987 har V hatt kring 5 % oppslutnad. Den store omveltinga på borgarleg side stod Høgre for. Partiet fekk i underkant av 10 % ved dei fyrste vala, men steig til mest 20 % då høgrebylgja nådde toppen ved valet i 1979. Etter at Tvp entra den lokalpolitiske scena i 1987, skipla denne grupperinga det tradisjonelle partimønsteret.


Fyrste tiåra var det liten strid mellom partigruppene. Viktigare var kampen mellom dei ulike bygdelaga, noko som viste att i korleis bygdene mobiliserte. Ved det fyrste valet strauk veljarane i Hosanger i stor stil kandidatar frå andre bygder i kommunen. Verst gjekk dette ut over Gjerstad-sokna. Ved dei neste vala tok gjerstadfolket «hemn» og sikra sine kandidatar plass i heradsstyret. Ved vala frå slutten av 1970-talet var det særleg Valestrand og Haus som mobiliserte sterkast for sine kandidatar.


Ved val av ordførar stod dei borgarlege sterkast, om berre dei stod samla. Som det førande partiet på borgarleg side fekk Sp ordføraren dei tre fyrste periodane, men ved valet i 1975 vart arbeidarpartimannen Sigvald Hauge ordførar, til overrasking for alle, også kandidaten sjølv. Dei borgarlege partia hadde 23 representantar, men Krf og Dlf støtta Hauge, og H røysta blankt. Knut Bjørndal frå Krf vart varaordførar. Bakgrunnen for dette var at dei borgarlege føreåt var samde om å stø Krf sin ordførarkandidat, men Sp gjekk frå dette og satsa på sin eigen kandidat, Gerhard Bøe. Det førte til harme hjå dei andre borgarlege, og Ap fekk sin fyrste ordførar.


Også ved ordførarvalet i 1983 vart det forviklingar på borgarleg side. Jon Hanstveit frå Krf hadde bak seg ein periode som ordførar. Krf, Sp og H skreiv avtale om at Hanstveit skulle halda fram som ordførar dei fyrste to åra med Ingunn Rongved (Sp) som varaordførar. Dei siste to åra i perioden skulle Rongved overta som ordførar med Birger Hanstvedt (H) som varaordførar. Men grupperinga hadde gjort opp utan vert, for dei var avhengige av dei tre røystene frå Frp, ein nykomar i heradsstyret. Dei ville ikkje utan vidare stø opplegget utan at dei hadde fått vera med i diskusjonen. Utan fleirtal meinte dermed Sp seg løyst frå avtalen. Partiet fekk i staden til eit samarbeid med Ap, slik at Ingunn Rongved vart ordførar og Erling Raknes varaordførar. Dette skapte endå ein gong bitter stemning på borgarleg side, og då det skulle veljast ordførar to år seinare, vart Raknes ordførar med støtte frå Krf og H. Fleire iltre avisinnlegg etter valet viste at det var bruduljen om avtalen to år tidlegare som gjorde at Rongved vart vraka.

Med valet av Erling Raknes til ordførar tok den lengste ordførarperioden til no i Osterøy til. Raknes sat som ordførar i 14 år, frå 1986 til 1999, med støtte frå skiftande koalisjonar av borgarlege parti. Trass i at dei borgarlege partia har hatt fleirtal i alle heradsstyra sidan Osterøy kommune vart skipa, har Ap hatt ordførarombodet i 26 av dei 48 åra kommunen har eksistert (fram til og med 2011).

Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.
Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet