Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Boka er på 151 sider (21x23 cm). Pris kr 350 + ev. porto.
Utgjevar: Museumsforlaget/Museumssenteret i Hordaland.
ISBN 9788283050172
Utgjevingsår: 2014
I kommisjon hjå:
Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.
Randi Andersen:
Brakakledde bygningar
”Brakakledde bygningar” er boka om korleis braken (eineren) har vore brukt som bygningsvyrkje i uminnelege tider. Brakjen er eineståande som materiale fordi han held vatnet ute, men slepper vinden gjennom. Viktigaste bruksområdet har vore løer og uthus av ymse slag.
I boka skildrar forfattaren ulike byggjeskikkar til ulike tider, og går nøye gjennom korleis ein god brakakledning skal byggjast. Osterøy har vore eit kjerneområde for brakakledning, men boka presenterer byggjeskikken i andre delar av landet og Skandinavia.
Boka er sluttstreken for eit registreringsprosjekt som Osterøy museum har drive i fleire år.
Forfattaren av boka, Randi Andersen, er styrar ved Osterøy museum på Osterøy, ei avdeling under Museumssenteret i Hordaland.
Bygningar kledde med einer - brakje -
er Hordaland sine kvardagskatedralar.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet