Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Til Amerika, til Amerika


Me veit ikkje sikkert kven dei fyrste utvandrarane frå Osterøy var – dei som tok det store steget og reiste til Amerika, men truleg var det Ingebrikt Nilsson Bruvik og kona Synneva Monsdotter. Før 1785 hadde foreldra til Ingebrikt overteke eit av bruka på Nordre Veset. I 1818 gifta han seg med Synneva, som var frå Dale i Bruvik. Dei pakta fyrst eit bruk på Veset nokre år, men i 1825 fekk dei skøyte på bnr. 9 på Ytre Bruvik. Dette bruket dreiv dei nokre år, men i 1837 slo dei lag med eit fylgje som ville freista lukka på andre sida av havet. Dei fleste andre i fylgjet var frå Samnanger, og ein del var frå Vaksdal, Stamnes og Voss, til saman 84 personar. Mellom leiarane i fylgjet var studenten Ole Rynning frå Trøndelag.


7. april 1837 forlét dei Bergen med barken «Ægir», og etter godt to månader i sjøen nådde dei fram til New York. Dei fleste tok seg vidare over dei store sjøane til Chicago, som då var ein liten by med nokre tusen innbyggjarar. Mange nordmenn hadde slege seg til som nybyggjarar ved Fox River sørvest for byen, men rykta om sjukdomsframkallande sumpområde fekk dei fleste i Ægir-fylgjet til å velja Beaver Creek sør for Chicago. Dei nådde fram til området på ettersommaren, og i Iroquois county, i seksjon 14, kjøpte Ingebrikt og Synneva seg land for 50 dollar. For nybyggjarane, som var vande med bratte lier, såg det flate prærielandskapet ut til å flyta av «mjølk og honning». Dei bygde seg enkle hytter for vinteren og sette i gang med å pløya dei fyrste åkerstykka. Nokre dyr hadde dei fleste familiane òg skaffa seg.


Fyrste vinteren sleit dei seg gjennom og var klare til å ta fatt på å dyrka jorda for fullt. Men våren møtte dei med flaumar og påfylgjande hetebylgjer, og så endra alt seg. Den eine etter den andre vart sjuk, og etter ei kort sjukelege var det mange som døydde. Det innbyggjarane ikkje visste, var at det ved mange av elvane i det flate landskapet danna seg sumpar etter vårflaumane, og dei vart som drivhus for malariamyggen. Ingebrikt og Synneva Bruvik var av dei som sette livet til, berre eit år etter dei nådde det lova landet. Det same gjorde Ole Rynning, som før han døydde, fekk sendt heim manus til ei lita bok, «Sandfærdig beretning om Amerika til oplysning og nytte for bonde og menigmand». Ho kom ut i 1838 og fekk mykje å seia for den seinare utvandringa frå Noreg. For den vesle norske nybyggjarkolonien var valet av Beaver Creek-området ein katastrofe, og berre eit år etter at dei kom til området, hadde dei overlevande flykta til andre delar av Amerika.


– – – –

Etter kvart som fleire ostringar slo seg ned i Amerika, kom det brev tilbake som lokka fleire over. Mange fekk tilsendt billettar som var «prepaid», altså alt betalte. Andre gjekk andre vegar for å skaffa pengar. Lars Hartveit (f. 1871) frå Vevle fortalde korleis det gjekk til då tre av systrene hans utvandra. Den nest eldste, Anna (f. 1851), var den fyrste som ville reisa. Ho kom ein dag til mora, Marta, og spurde om ho fekk lov å reisa til Amerika. Mora svarte at «jammen kan du få reisa, men kvar vil du ta pengane frå?» Ho var sikker på at dottera ikkje kunne skaffa pengar til reisa. Men Anna tente i Austbygda, og derifrå hadde Erik Skjerping emigrert tidleg. Han hadde kjøpt seg farm i Illinois og stod seg godt. Fleire ungdomar i bygda skreiv til Erik og fekk han til å senda billettar. Erik stolte på sambygdingane, og når dei kom over, arbeidde dei på farmen hans eller han skaffa dei anna arbeid, slik at dei kunne betala attende pengane for billetten. Det var det Anna hadde gjort. Då ho kom heim att og fortalde at ho hadde fått seg billett til reisa, var det lite mora kunne seia, for ho hadde alt gjeve jenta lov. I staden vart det grining.


4. november 1880 tok Anna fatt på amerikareisa si saman med to ungdomar frå Litun som også hadde skaffa seg billett på same måten, Lars Olsson og Johannes Mikkelsson. På den tida var det ikkje kaiar i Bergen som store båtar kunne leggja til ved. I staden låg amerikabåten ankra opp utanfor Tollboden. Faren og mora hyrte ein flyttmann ut til båten for å ta farvel med Anna. Dei vart viste ned i eit stort lasterom der alle passasjerane oppheldt seg. Langs veggene var det senger. Her sette dei amerikakofferten til Anna frå seg, der ho hadde dei få eignelutane sine. Mora var i kave for dottera som ho neppe fekk sjå att, og gav henne skinntrøya si. Då Anna kom fram til Amerika, tente ho i fleire år hjå farmarar i Illinois. Seinare flytta ho til Chicago, der ho arbeidde på eit hotell, og etter ei tid kjøpte ho dette hotellet. I 1894 var ho heime ein tur, men reiste attende til USA.


Året etter at Anna reiste, i 1881, utvandra også systera Guri, og i 1885 drog endå ei syster, Brita. Guri gifta seg med Baste frå nabogarden Revheim, og Brita gifta seg med Anders Jonson frå Fusa. Begge para slo seg ned i Red River-dalen i Nord-Dakota. Fyrste åra budde dei i jordhytter. Dei skreiv heim og fortalde om eit fruktbart landskap, flatt som eit hav. Men området var utsett for haglstormar, og to år på rad fekk dei øydelagt avlingane. Dei gav difor opp området. Guri og Baste slo seg ned i Chicago, mens Brita og Anders valde å sjå seg om etter nytt land. Dei spente oksar føre vogner med tak og drog ut på ei fleire veker lang reise mot Canada. Dei hadde då fleire born, og i vognene kokte dei og stelte seg. Anders og nokre tenarar gjekk ved sida av og dreiv buskapen. I Canada var det også rikeleg med land, og dei kunne slå seg ned kvar dei ville. Dei valde eit område i Alberta, der dei bygde seg ein ny farm.


Dei tre systrene frå Vevle som valde å emigrera i 1880-åra, døydde nokså tett etter kvarandre like før fyrste verdskrigen.



Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet