Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Ein lokal Gjest Bårdsen ?

Natta til 11. juli i 1742 fekk Ola Johannesson på Børtveit ubedne gjester. Mons Olsson frå Hausberg braut seg inn i bua på garden. Her fann han m.a. ei kiste som han slo sund. Då datt det ut to pengepungar med meir enn 13 riksdalar i. Dei tok han med seg. Dessutan rappa han med seg m.a. to sølvringar, tre par vetter, eit par leistar og ei gamal linskjorte. Etter eit slikt godt varp la han i veg til naustet som høyrde Mons Johannesson Skor til. Han braut seg inn og tok ut ein båt som han ville flykta i. Men flukta gjekk dårleg, og han vart hukka. Knappe to månader seinare måtte han svar for syndene sine. Ekstrarett vart sett på Hoshovde den 4. september, og Mons vedgjekk alt saman. Dommen fylgde lova: ”ligesindede til Skræk og afskye bør [han] straffes med galgen”. Han vart dødsdømd.
Dette kunne lett ha vore det siste me høyrde om Mons. Men soga er ikkje slutt. Etter dommen vart han sett i arrest hjå lensmann Nils Hanstveit. Her sat han med jern om føtene, og to menn vakta på han. Men ein gong eine vakta låg og sov og Mons skulle ut om døra med den andre vakta, greidde han å fjerna spikaren i låsebolten. Han sprang det han var god for og kom seg unna. Foreldra hans budde då i Hansdalen, og han la fyrst vegen dit. Men her kunne han ikkje gje seg til for lenge.

Ferda gjekk vidare til Rolland. Ei natt lirka han ut eit vindauge i bua til Ola Rolland og fann også her ei kiste. Låsen braut han opp og tok med seg vel 21 riksdalar, fleire sølvspenner og ein full soldat-mundur (utrustning). Han fordufta i nattemørkret, og dagen etter gøymde han seg i ei utløe på Rivenes. Mot kvelden la han i veg mot Fokstad, der han tenkte han ville skaffa seg noko mat. Med ei øks braut han opp ei budør, men ryktet om den rømde tjuven hadde spreidd seg. Folket på garden sov difor i bua for å verja eignelutane sine. Han fekk såleis ikkje fat i noko her og la seg til i floren for å kvila. Her vart han teken av gardsfolket, som førte han til arresten på Hanstveit.
På nytt vart Mons tiltala, denne gongen den 26. februar 1743 på Valestrand. Han tilstod det han var skulda for, og Ola Rolland fekk attende tjuvgodset. For andre gong vart han dømd til galgen.

Truleg var Mons son til Ola og Brita på Hausberg. Dei fekk bygsel på garden i 1709. I fall dei verkeleg var foreldra hans, vart han døypt 5. juni 1716, men i ætteboka står det at denne Mons døydde i 1741. Viss det er same person me har føre oss, kan ikkje det stemma, for rettssakene mot han var i 1742-43. I den siste rettssaka går det fram at foreldra budde i Hansdalen på den tida han rømde frå arresten, men det er ikkje råd å finna dei der. Det er såleis ein del lause trådar knytt om familien hans.
Straffene for tjuveri var harde. Fyrste gongs tjuveri av mindre verdiar kunne ein betala seg ut or. Men stal ein større verdiar fleire gongar, var det dødsstraff. Om Mons verkeleg vart avretta, veit me ikkje for visst, for på denne tida vart gjerne dødsdomar på bygdetinga overprøvde av høgare rettsinstansar.
Barselet - kvinnene si .... Dødsfall og jordeferd. Attraktive enkjer. Ein lokal Gjest Bårdsen?. Gjestgjeveri og ølt.... Blinde-Lars vart jaga .... På æra laus.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet