Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Gjestgjeveri og øltapperi


For folk som trong å reisa, var sjøvegen den lettaste reisemåten. Men reisene kunne dra ut, og i uvêr måtte eit reisefylgje gjerne slå seg til ro og venta på betre vêr. Det var såleis behov for overnattingsstader. Frå slutten av 1600-talet dukka dei fyrste gjestgjeveria opp langs dei mest trafikkerte seglingsleiene. Men for å driva gjestgjeveri på lovleg vis måtte ein ha løyve frå styresmaktene.


I 1699 vart Knut Trefall og Tørris Gullbrå dødsdømde for mord. Futen, Mads Holm, og skarprettaren, meister Augustus Høcher, skulle til Voss og delta i avrettinga av dei to mordarane. Men dette var i februar, og storm og meinis hindra dei å nå fram til Bolstadøyra. Dei vart såleis liggjande vêrfaste i Haus saman med dei åtte rorkarane. Lensmann Johannes Øvste-Mjelde og lagrettemennene Lars Åsheim og Haldor Vikno vitna at det var uråd å nå fram til Voss ”før isen brydes og sneen bortgaar”. Klokkar Hiermann hyste dei. Fyrst på tredje forsøk stadfesta skarprettaren at han og futen nådde fram i det uhyggelege ærendet sitt. Han hadde hogge hoved av dei to dømde, sett hovuda på stake og lagt kroppane på stegl og hjul. Futen hadde betalt han 40 rdl for jobben.

Saka viser at embetsmenn i offisielt oppdrag hadde behov for overnatting. Men også vanlege folk på byreise til dømes vart gjerne tvinga til å ta ein stopp når vêret hindra reisa. Både gjestgjeveri og skjenkjestover, stundom i kombinasjon, voks fram.


Den fyrste som etter det ein kan sjå, fekk løyve som gjestgjevar i farvatna kring Osterøy, var Ane Ments i Haus. Ho var enkje etter klokkaren Christopher Hiermann, bror av presten Nils Hiermann. I 1722 fekk ho løyve til å driva gjestgjeveri, og i åra etter kjempa ho hardt for å halda vekke alle som gjekk henne i næringa. Hardast gjekk ho ut mot Mons Olsson Heggen i 1725, som med ulike militærpass meinte han hadde rett til å driva handel. Han hadde slege seg ned vegg i vegg med Ane i Hausvika, der han handla med øl, brennevin og ymse anna. Han forsvarte seg med at Ane ikkje alltid hadde dei varene folk trong, og han fekk mellom anna Mons og Kristen på Askeland til å vitna om at dei hadde vilja kjøpa to–tre kanner salt hjå Ane, men ikkje fekk det. Dei handla då med Mons. Retten var likevel klår. Mons handla mot Ane sitt privilegiebrev og vart nekta å handla meir. Nokre år seinare gjekk ho ut mot Maren Persdotter, som dreiv litt handel. Løyvet som gjestgjevar fekk Ane Ments fornya i 1734, men noka lukrativ forretning var det neppe, for i 1740-åra kjempa ho for å sleppa unna skatten som gjestgjevarane var pålagde. Ho hadde knapt råd å halda varer og få besøkjande. Allmugen vitna til hennar fordel og hevda at overnattingsstaden hennar var svært nødvendig, særleg om vinteren når Osterfjorden var islagd. Og det var ingen andre overnattingsstader langs sjøvegen mellom Bergen og Voss.


Året etter, i 1746, overtok sersjant Johan Harbitz som gjestgjevar i Haus. Heller ikkje han kunne skatta, ”men stædet er høyst nødvendig til de reysendes fornødenhed”. Sonen, Nils Harbitz, fekk løyve til å driva ”giestgiveri og Kroe hold” i 1766. Han verna også godt om privilegiet sitt og skulda i 1769 fem mann i Indre Arna for øl- og brennevinssal. Berre éin av dei, Johannes Indre Arna, vedgjekk å ha selt litt til reisande som fór forbi. Men saka kokte vekk i kålen fordi korkje klagar, tiltalte eller vitne møtte til det avgjerande rettsmøtet.


Også på Bernestangen var det gjestgjevar. Den fyrste der, i alle fall med offisielt løyve, ser ut til å ha vore løytnant Ole Holck, som fekk privilegiebrev i 1731. I 1753 selde han husa sine til kaptein Ole Brygger, som dermed overtok gjestgjevarstaden. I Bernestangen var dei fleste tinga for Hosanger og dels Eikanger skipreide haldne i mange år.


I lang tid hadde fleire på ulike stader drive ølutsal. Der folk samlast, var det lett å by fram forfriskingar. Ved kyrkjene var det særleg attraktivt å selja øl, sjølv om det var forbode. På Holme dreiv både Nils og Jakob Holme utsal av øl og brennevin, og i 1746 vart dei tiltalte fordi futen meinte dette førte til fyll mellom kyrkjefolket. Det enda med at kvar av dei fekk ei bot på 1 ½ rdl og måtte betala 1/3 rdl til fattiglemene i sokna.


I 1755 var det Knut og Baste Vaksdal sin tur. Dei hadde selt øl ved Bruvik-kyrkja, men då dei berre hadde selt kvar sin søndag, lét futen dei sleppa unna med 1 rdl. Verre var det for Nils Helle, som den eine søndagen hadde drukke seg full same dagen han hadde vore til alters. Han fekk ei bot på 1 ½ rdl og måtte skrifta offentleg i kyrkja.


I Salhus vart ei av dei fyrste faste skjenkjestovene bygd for reisande som skulle på byferd. Men frå midten av 1700-talet vart det oppretta øltapperi fleire stader langs Osterfjorden der reisande kunne få ein tår for tørsten. I tingsvitne som futen tok opp, ser me at det i 1760-åra var skjenkjestove på Hoshovde, i Hatlandsvågen og på Hammarsneset, enkelte år er det også nemnt øltapperi på Klubben (Hustelia) og på Raknes.


Frå Bolstad til Bergen var det faste fjerdingsvegmerke langs heile ruta, og i Osterfjorden låg dei fleste på Osterøy. Desse merka fortalde dei kor langt dei var komne, og oftast bytte dei om å ro ved merka og tok gjerne ein kvil. Fleire av skjenkjestovene vart plasserte ved fjerdingsvegmerkja, såleis både på Hamre, Raknes, Hoshovde og Bernestangen. Og nærare byen var det ølsal både i Steinestø og Salhus.


Barselet - kvinnene si .... Dødsfall og jordeferd. Attraktive enkjer. Ein lokal Gjest Bårdsen?. Gjestgjeveri og ølt.... Blinde-Lars vart jaga .... På æra laus.


Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet