Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Oleana – The Ole Bull colony
Det var i 1852 Ole Bull kjøpte eit stort landområde i Pennsylvania og ville byggja ein norsk koloni der, "New Norway". Å utvandra til framandt land kunne vera risikabelt, og Bull ville med kolonien gje norske emigrantar gode livsvilkår i det nye heimlandet deira.
Han grunnla nybyggjargrendene Oleana, New Norway, New Bergen og Valhalla, og fekk på kort tid mange norske utvandrarar til å slå seg ned i området. Men prosjektet vart ein fiasko, dels grunna ein tvilsam eigedomshandel og dels fordi jorda var lite høveleg for farming. Etter berre nokre år gav dei fleste opp prosjektet og flytta til andre stader.
Det er denne spennande biten av norsk utvandrarsoge boka fortel om. Boka er rikt illustrert, med mange bilete frå Oleana, men også frå Ole Bull sitt liv, både frå Valestrand og Lysøen.
Boka er på 220 sider. Pris kr 100 + ev. porto.
Utgjevar: Knox Books, 407 Mill Street, Coudersport PA16915, USA.
I kommisjon hjå: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 0-9655824-2-6
Utgjevingsår: 2002
Boka er diverre utseld.
NB: Boka er på engelsk!
Paul Heimel er oppvaksen i det området der Ole Bull grunnla Oleana. Som barn fekk han fortalt den spennande historia om den uvanlege nordmannen og nybyggjarprosjektet hans. I vaksen alder oppdaga han at det var skrive mange fantasifulle og tvilsame historier om Oleana, og han sette seg føre å fortelja den verkelege historia om nybyggjarane. Det har han gjort på ein meisterleg måte i "Oleana: The Ole Bull Colony".
Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet