Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Lover for Osterøy Sogelag
Vedtekne på skipingsmøtet den 9. nov. 1986. Endra på årsmøte 10. april 1988 og 5. mars 2008.

§ 1.
Laget har til føremål å vekkja interesse og skapa skjønsemd for historie og lokalhistoriske tiltak i Osterøy. Det skal arbeida med opplysning og spreiing av kunnskap om vår kulturarv og verna om kulturminne av alle slag.
§2.
Som hovudoppgåve skal laget arbeida med å samla og sikra historisk kjeldetilfang. Arbeidet med å redigera og gje ut gards- og ættesoger skal førast vidare. Skriving og utgjeving av lokalhistoriske skrift er også ei oppgåve for laget.
§ 3.
Alle som vil stø laget - eller arbeida for laget sitt føremål, kan verta medlem mot å betala årspengar. Årspengane vert fastsette av årsmøtet.
Lag og organisasjonar kan også verta medlemer. Årspengane vert også her fastsette av årsmøtet.
§ 4.
Årsmøtet er høgaste styremakt. Årsmøtet skal haldast kvart år i tida februar - april. På årsmøtet skal styret leggja fram årsmelding, rekneskap og framlegg til budsjett og arbeidsprogram for komande år.
Styret kallar inn til årsmøte med minst 14 dagars varsel. Omframt årsmøte kan haldast når styret finn det naudsynt eller 1/3 av medlemene krev det. Lovendring krev 2/3 fleirtal.
§ 5.
Årsmøtet vel eit styre med formann og 5 styremedlemer for 2 år om gongen, slik at 3 går ut annakvart år. Formann vert vald ved særs val for 2 år om gongen. Det skal veljast 2 varamedlemer for 1 år om gongen. Styret vel sjølv varaformann, kasserar og skrivar. Årsmøtet vel 2 revisorar for 1 år om gongen. Årsmøtet vel også valnemnd med 3 medlemer, kvar for 3 år men slik at 1 går ut kvart år.
§ 6.
Styret står for det daglege arbeidet og set i verk dei vedtak som vert gjort av årsmøtet. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades. Alle vedtak vert gjort med vanleg fleirtal. Står røystene likt, er formannen si røyst avgjerande.
§ 7.
Laget skal vera medlem av Landslaget for lokalhistorie.
§ 8.
Vedtak om oppløysing av laget kan berre gjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal. Ved oppløysing skal eigedom som laget måtte ha tilfalla Osterøy Museumslag og nyttast i det lokale kulturarbeidet.


Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet