Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Utan heim
Solveig Leknes frå Børtveit fortel i denne boka om oppveksten sin i Hjellvik-bygda på 1930-talet og til krigen er slutt. Det er «dei harde trettiåra» me kjem nær innpå livet i forteljinga hennar.
Familien vart hardt råka av den sjukdomen som var aller mest frykta i samtida, tuberkulosen. Faren døydde då ho berre var 5 år, og til saman døydde 7 av hennar næraste familie av tuberkulose. Solveig og broren Johannes måtte sjølv ha eit kuropphald på Hagavik kysthospital.
Men i tillegg til sjukdom opplevde familien økonomisk ruin då faren hadde kausjonert og låntakaren gjekk konkurs. Det førte til at familien miste garden, og mora sleit tungt i årevis som eineforsytar med alle slags småjobbar i bygda; husvask, slåttearbeid, koking og kva som elles baud seg. Borna mangla det meste av materielle ting og måtte tidleg hjelpa til.
Likevel er det ikkje berre elende ho skriv om. Me får eit godt innblikk i korleis det var å vera barn på bygdene våre. Me møter eit samfunn som var heilt annleis enn vårt, om ikkje det er så fjernt i tid. Det er ei sterk og nærgåande barndomskildring frå vår nære fortid Solveig Leknes gjev oss i denne boka.
Boka er på 152 sider. Pris kr 170 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 82-91229-09-0
Utgjevingsår: 2002
Boka er diverre utseld.


Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet