Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Det var slik det var
I denne boka har Rolv Kleiveland fortalt laust og fast frå barndomen sin på 1940-talet. Han fortel med glimt i auga om vener, familie og naboar, slik ulike hendingar festa seg i minnet.
Denne boka var frå fyrst dåpsgåve frå ein bestefar til eit barnebarn. Besteforeldre har mangt å fortelja om ikkje dei er så gamle. Det som er visst er at barndommen til besteforeldra var heilt annleis enn det eit barnebarn i dag opplever.
Boka er skriven til barnebarnet, Ingrid, og det er henne han heile tida fortel til. Hendingane vert skildra gjennom barneauge, og hendingane vert skildra slik barnet ser og opplever.
Sjølv om ei slik minnebok lett kan verta "privat", vil mange ha glede av å lesa om dei mange underfundige hendingar og personar som sette sitt preg på barndommen slik forfattaren hugsar det.
Eldre folk vil nikka attkjennande til korleis det var å veksa opp i bygdene her for fem-seks tiår sidan. For yngre folk er det spennande å få høyra om korleis det var då foreldre eller besteforeldre voks opp. For her vert me kjende med kva fantastykke dei gjorde og som dei ikkje har fortalt om. Det me er heilt sikre på er at alle kan humra og le etter kvart som dei mange underfundige hendingane spelar seg ut. Og Rolv sine forfriskande teikningar understrekar teksten.
Boka er på 167 sider. Pris kr 150 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 82-91229-07-4
Utgjevingsår: 2001
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet