Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Gards– og ættebok for Bruvik sokn
Dette er fyrste bandet av Vaksdal Bygdebok og dekkjer Bruvik sokn. Her finn me alle gardane i tidlegare Bruvik kommune på Osterøy og gardane frå Rødberg til Skreiæ på fastlandet. Boka er skriven av Brita Skre.
I boka finst ei svært fyldig gardssoge for kvar einskild gard. Her finn me kven som åtte garden til ulike tider, om gamal gardsdrift og husdyrbruk, om bruksdelingar og husmannsplass. Ættesogene er knytte til dei einskilde bruka og fortel kven som har levd på gardane til ulike tider. Boka er illustrert med gamle bilete.
Osterøy kommune ytte i si tid tilskot til Vaksdal Bygdebok, og fekk då ein del bøker som har vorte liggjande. Osterøy Sogelag har overteke desse bøkene og sel dei ut til interesserte lesarar for ein billeg peng.  
Boka er på 762 sider. Pris kr 150 + ev. porto.
Utgjevar: Vaksdal Bygdeboknemnd.
ISBN 82-990697-1-8
Utgjevingsår: 1981.
Boka kan tingast med e-post til: gkleivel@online.no



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet