Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Gruvedrift på Osterøy
Av Leiv Vatle

Gruvedrift på Osterøy fortel om den omfattande gruvedrifta som vart driven på Nonås, Litland og Skaftå.  På Nonås og Litland vart det jakta på nikkel, og på Skaftå var det kalkstein som var driftsgrunnlaget. Alle desse bygdene vart sterkt påverka av gruvedrifta, og gruvene skapte i periodar arbeid til mange mann.
Nonås var i drift frå 1880-åra, og her vart malmen fyrste tida boren i kiper ned til kai på Geitrheim. Seinare vart her bygd veg, og til slutt ei taubane. Litland kom i drift litt seinare, og under fyrste verdskrigen vart det her bygt opp eit stort gruvesamfunn. Det stod lenge stilt, men frå 1933 var det full drift. Malmen vart frakta med taubane til utskiping frå Bysheim til smelting i Kristiansand.
Kalken på Skaftå vart frakta til Odda, der han gjekk inn i karbidproduksjon ved Odda smelteverk. Kalken gjekk også inn i gjødselproduksjon.
Det er historia om desse gruvene boka fortel. Ho er spekka med bilete for å gje eit levande inntrykk av gruvedrifta.
Boka vart fyrste gongen gjeven ut i 1988 av Osterøy skulestyre. Osterøy Sogelag fekk rettar til å trykkja boka opp att.
Boka er på 175 sider A4-format - hefta. Pris kr 180 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-43-0
Utgjevingsår: 2020
Boka kan kjøpast i nettbutikken vår, REMA1000 og COOP Extra i Lonevåg og  Arna Libris i Indre Arna.
Kjøp



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet