Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Attraktive enkjer

På Espevoll vart Dorte Magnesdotter enkje i slutten på 1690-åra. Mannen, Per, var fadder på eit barn født utanfor ekteskap i Hansdalen i 1697, og truleg døydde han same året eller året etter. Dorte var barnlaus, og då ho nærma seg 70 år, tilbaud ho Gregorius Rasmusson frå Hartveit ekteskap. Ho argumenterte med at viss han gifta seg med henne som gamal enkje, fekk han gard, og ho ville døy om ikkje så alt for lenge. Når den tid kom, kunne Gregorius finna seg ny kone, og dei ville vera framfødde. Slik vart det, og Gregorius gifta seg med Dorte i 1699. Han var då 19 år, ho 67. Aldersskilnaden var såleis 48 år! Dorte heldt ord, og like etter bryllaupet fekk Gregorius bygselbrev på den parten Per hadde hatt. Det gjekk ti år før Dorte døydde, men i februar 1709 var det slutt. Det gjekk ikkje lenge før Gregorius fann seg ny kone. Fyrste søndag i advent same året gifta han seg med 21 år gamle Guri Andersdotter frå Revheim. Fram til 1730 fødde Guri 13 born, slik at det var berre halvtanna år mellom kvar fødsel, i gjennomsnitt. Seks av borna døydde som spedborn, eitt døydde i niårsalderen, medan seks nådde vaksen alder. Våren 1744 døydde Guri, 56 år gamal, og eit knapt halvår seinare var det Gregorius sin tur, mest 65 år gamal.

Mange ektepar fekk store barneflokkar, slik som Gregorius og Guri. Men det var likevel ikkje det vanlege. Guri var 21 år då ho gifta seg og fekk siste barnet då ho var 42 år. I Hamre sokn ville det vanlege vera at ei kvinne som Guri fekk seks-sju born. Går me attende til Magdeli Larsdotter på Hartveit, som var 26 år då ho gifta seg, var det normale at ei kvinne som henne fekk fire born. Førestellinga om dei ekstremt store barneflokkane stemmer såleis ikkje.

Ein viktig grunn til det låge barnetalet var at giftarmålsalderen på 1700-talet var kring 28 år for både menn og kvinner som gifta seg for fyrste gong. Dette er svært høgt, og botnar i at unge som ville gifta seg måtte venta til det var eit ledig levebrød. Ofte var det foreldra eller familien som sat slik til at dei kunne styra dei nygifte inn i ledige levebrød. Men dei måtte altså venta. Den høge giftarmålsalderen var såleis pressa fram av mangelen på levebrød, i praksis eit ledig gardsbruk.

Den høge giftarmålsalderen hadde ein annan viktig effekt: kvinnene sin fruktbare periode vart redusert med mange år. Dermed fekk dei langt færre born enn om dei t.d. gifta seg ved 20-årsalderen. Høg giftarmålsalder var såleis eit viktig tiltak for å tilpassa talet på nye familiar til ledige levebrød. I tradisjonelle bondesamfunn ser ein trekk av den same sjølvreguleringa over storparten av Europa. Eit samfunn som kontrollerte giftarmåla, greidde å tilpassa seg talet på levebrød. Så lenge kvar familie hadde eit levebrød, var folketalet i balanse med næringsgrunnlaget. Dette er såleis den viktigaste forklaringa på kvifor folketalet stoppa opp kring midten av 1600-talet, og var stabilt det neste hundreåret.
Barselet - kvinnene si .... Dødsfall og jordeferd. Attraktive enkjer. Ein lokal Gjest Bårdsen?. Gjestgjeveri og ølt.... Blinde-Lars vart jaga .... På æra laus.
Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet