Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Bak rattet
I boka "Bak rattet - Glimt frå rutebilferdsla på Osterøy" er det pensjonerte sjåførar på Osterøy som fører ordet. Dei starta i Osterøy Billag som vart til Arna-Osterøy Billag, Bergen Nordhordland Rutelag, før HSD og no Tide overtok.
Dei fortel om pionerane som alt i 1920-åra så smått tok til med rutebilferdsle på enkelte strekkjer på Osterøy. I 1937 gjekk fleire av dei saman med INDL og skipa Osterøy Billag. Frå då kan me fylgja utviklinga frå svært enkle tilhøve til ei moderne transportbedrift.
I tillegg til reint faktiske opplysningar er boka spekka med artige historier som sjåførane har opplevde fram gjennom åra. Om sidemenn som datt av bilen. Om buss på sjølvstyr. Og den årlege teleløysinga som lurde mang ein sjåfør ut på djupt vatn. Her finn me korleis det gjekk med grisungen som stakk av frå ein busstur. Og korleis kunne det gå an å starta eit vogntog med ferjeslep?
Dei som er interesserte i lokalhistorie frå Osterøy, må sjølvsagt også skaffa seg denne boka til samlinga si.
Boka er på 96 sider (17 x 24 cm). Pris kr 150 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-14-0
Utgjevingsår: 2007
Boka er diverre utseld.


Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet