Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Osterøy Bygdebok - band I

Band I av Osterøy Bygdebok fortel om korleis bygdesamfunna på Osterøy har utvikla seg frå dei eldste tider til det store hamskiftet kring 1870. Etter lange linjer fylgjer me utviklinga i bygdene og vert kjende med skiftande levekår for folket til ulike tider. Boka legg vekt på det som særmerkjer bygdene i kvar tidsperiode. Ho tek føre seg skifte i næringsgrunnlag, sosiale tilhøve og korleis folket måtte innretta seg etter styresmaktene. Dette er dei lange linjene i bygdesoga for Osterøy.

Men undervegs møter me mange enkeltskjebner frå ei heilt anna tid. Om 20–åringen frå Hartveit som skaffa seg gard ved å gifta seg med ei enkje på 70 år slik at han kunne stifta familie med kjærasten sin. Om jenta frå Tveiten som vart torturert til å tilstå ein fødsel ho ikkje hadde. Om ungguten frå Mosevoll som vart drepen i strid for danskekongen langt heimanfrå. Om stefaren frå Løtveit som fekk barn med stedottera og begge vart dødsdømde. Lagnadene er mange.

Osterøy Bygdebok er den mest samlande framstillinga til no av korleis bygdesamfunna på Osterøy har utvikla seg og korleis menneska har levt her. Bygdeboka gjev lesarane ny kunnskap om samfunnet vårt. Boka er rikt illustrert, slik at tekst og bilete gjev oss eit eineståande innblikk i korleis forfedrane våre levde. 


Band II av Osterøy Bygdebok finn du her.


Barselet - kvinnene si .... Dødsfall og jordeferd. Attraktive enkjer. Ein lokal Gjest Bårdsen?. Gjestgjeveri og ølt.... Blinde-Lars vart jaga .... På æra laus.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet