Osterøy til fots - ny, utvida utgåve 2015
„Osterøy til fots - kulturhistoriske vandringar” kom ut fyrste gongen i 2003. Boka har vore utseld i fleire år, men no ligg ei ny og utvida utgåve føre. Den nye utgåva er utvida med omtale av fleire turar slik at det no er omtale av 32 turalternativ på Osterøy. I tillegg til å skildra dei ulike turløypene har boka ei mengd med lokalhistoriske opplysningar om det området du går gjennom. Dette er såleis ei bok som gjer det meir spennande og interessant å gå på tur, og som får oss til å skjøna at det har vore folk før oss.
Me vert kjende med korleis dei bar seg åt når dei skar torv. I fjellheimen vert me kjende med dei mange stølane, og kvar stølsjentene mjølka kyrne. Me får vita korleis menneska har slite for å livberga seg og på kva finurlege måtar dei fann seg levemåte „der som ingen kunne tru at nokon ville bu”.
Me kjenner oss trygge på at dei fleste vil få seg mange hyggjelege aha-opplevingar når dei tek fat på denne boka, anten før, under eller etter ein flott tur.
„Osterøy til fots” er spekka med bilete, dei fleste i fargar. Til kvar rute er det laga kart, og for dei fleste rutene viser flyfoto kva område turane går i.
Me trur mange vil finna glede ved også å gå „tur” heime i godstolen !
Boka er på 237 sider - stivbind. Pris kr 320 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-31-7
Utgjevingsår: 2015
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.