Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Mekanisering i jordbruket


Den positive utviklinga som hadde teke til i jordbruket dei siste førkrigsåra, stoppa opp under krigen. Forsyningar utanfrå var mest uråd å få fatt i, og jordbruket vart drive tilbake til ein sjølvbergingstilstand for å skaffa folk forsyningar. Men då krigen var slutt, vart heile samfunnet sett attende på det sporet det var på før krigen. Optimismen og pågangsmotet frå dei siste førkrigsåra vende attende. Ei rivande utvikling stod for døra dei neste tiåra.


Nils Lidtun kjøpte i 1931 ein Chevrolet lastebil 1924-modell. Ei tid køyrde han fiskebil, men under krigen bygde han bilen om til traktor. Då var han driven med knott. Hjula var av jern, men på framhjula monterte han seinare gummi. Ulike hestereiskapar, som slåmaskin, plog og rakemaskin, arbeidde han om slik at dei kunne brukast med traktoren på bureisingsbruket som han dyrka opp inst på Litun. Han hadde også traktoroppdrag for bøndene i området. Dette var det me kan kalla den fyrste traktoren på Osterøy.


I 1946 gjekk Ivar Vedå rundt med liste til naboane i Austbygda for å få dei til å skriva seg som interessentar i ein maskinstasjon han ville starta. Like etter krigen måtte ein søkja om løyve til å kjøpa traktor, og det hjelpte om flest mogleg stadfesta at dei ville gjera seg nytte av traktoren. Mange nok var interesserte i å få arbeidet unnagjort med traktor, og i 1947 kjøpte Ivar Vedå den fyrste eigentlege traktoren på Osterøy, ein Ferguson. På grunn av fargen vart desse traktorane kalla Gråtass. Traktoren måtte stasjonerast i ei svol på Hartveit, for enkelte meinte det var galskap å prøva å køyra opp og ned frå Vedo dagleg. Til traktoren kunne det koplast harv, plog – både einskjers og toskjers – svans, skuffe og slåmaskin. Og traktoren vart flittig brukt av bøndene over store delar av Osterøy når dei såg kor lettvint arbeidet kunne gjerast med den nye doningen. Dei var fire som byttest på å køyra traktoren: Johan Vedå, Olav Teigland, Kåre Hartveit og Einar Njåstad. I hardaste onnene gjekk Gråtassen både natt og dag. Såleis kunne Bygdanytt i mai 1951 melda mest som ein sensasjon at «traktoren i Austbygdi arbeider dobbelskift. Johan Vedå køyrer om dagen og Olav Teigland om natti.» Ikkje berre tok dei på seg gardsarbeid, dei tok òg transportoppdrag. Johan Vedå fekk ein gong førespurnad frå Bernhard Hovden om han kunne frakta kunstgjødsel frå Gjerstad og opp i Hovden. Gamlevegen var bratt og smal og gjekk fleire stader kloss i elva, så Johan tok ei grundig synfaring før han fann ut at han meinte det skulle gå. Med skuffa fullasta med gjødning og med Bernhard frampå panseret for å hindra traktoren i å stegla kom gjødningen velberga i Hovden. Vedå hadde denne traktoren til 1955, då bytte han til ein tilsvarande dieselmodell. Men etter kvart kjøpte fleire bønder traktor, og maskinstasjonen vart avvikla midt på femtitalet.


Traktoren i Austbygda var starten på mekaniseringa som kom til å prega landbruket på Osterøy i den fyrste etterkrigstida. Dei fyrste åra etter krigen var det på grunn av valutasituasjonen strenge restriksjonar på importvarer. Det gjaldt òg traktorar. Difor oppmoda styresmaktene bøndene om å gå saman om maskinstasjonar, slik at flest mogleg kunne få del i mekaniseringa. Fyrst i 1951 vart traktorimporten sleppt fri. Alt før krigen hadde Harry Ferguson teke patent på trepunkts hydraulisk lyft, som gjorde at reiskapen kunne lyftast fri frå bakken og dermed fraktast lett omkring, slik Johan har fortalt om ovanfor. Det var Ferguson som stod bak gråtasstraktoren. Han var i fleire kompaniskap og var med og produserte fleire populære traktormerke, mellom anna Ford-Ferguson. Frå 1953 gjekk han saman med Massey Harrris og utvikla den aller mest kjende traktoren i jordbruket her vest, Massey-Ferguson.


På eit par tiår vart muskelkraft erstatta av maskinkraft for å utføra mykje av tungarbeidet på gardane. I 1949 fanst det berre tolv firhjulstraktorar i dei fire kommunane Haus, Hamre, Hosanger og Bruvik. Ti år seinare var talet auka til 99 og i tillegg fanst det då 141 tohjulstraktorar. Desse var billegare, og på brattlendte gardar høvde dei ofte betre enn firhjulingar. I 1969 vart Osterøy tald for seg. Då fanst det 123 firhjulstraktorar og 218 tohjulstraktorar. Nære på to tredelar av bruka hadde traktor, men med mange små bruk og bratte bakkar var det nesten dobbelt så mange tohjuls- som firhjulstraktorar.


Det var ikkje alltid like enkelt å ta den nye teknologien i bruk. Bygdanytt kunne i 1951 melda at Lars Borge på Åsheim (Haus) hadde kjøpt seg ein lett tohjulstraktor for 3000 kroner. I brattlendte bakkar var to hjul for lite, så han fekk smeden Magnus Mjelde til å setja på ekstra hjul. Då dei skulle køyra traktoren til tuns, var ikkje nyevegen frå Haus til Åsheim grusa, så dei måtte køyra opp over pukksteinen. Oppkomne til tuns var far og son utfarne, og yngste sonen sukka til mora: «Nei, takka meg til då å dilta etter hesterumpa – i staden for dette.» Same dag som Borge fekk traktoren sin, melde Bygdanytt at også Johannes Presttun og Knut B. Småland hadde kjøpt seg traktor. I nesten kvart nummer av Bygdanytt tidleg på 1950-talet finn me notisar om kven som har kjøpt seg traktor, så optimismen og framtidstrua var stor.


Parallelt med at traktoren var på frammarsj, vart det færre hestar. I 1939 var det 452 hestar på Osterøy. Etter kvart som det kom fleire traktorar utover i femtiåra, forsvann hestane frå gardane. I 1969 var det berre 163 hestar att på Osterøy. I realiteten skjedde dette drastiske skiftet frå muskelkraft til maskinkraft på berre tjue år.


Saman med traktorane vann òg effektive jordbruksreiskapar innpass. Plog og harver vart vanlege, og saman med svansar og skuffer letta dei arbeidet. Mange av traktoreigarane kjøpte også påmonterte slåmaskiner. Det var eit stort framsteg frå hesteslåmaskina, som hadde revolusjonert grashaustinga i mellomkrigstida. Men traktorslåmaskina var mindre anvendeleg i bratt lende. Det endra seg då motorslåmaskina slo gjennom frå midten av 1950-åra.


Fyrste motorslåmaskina som kom til Osterøy, skal det vera Lars Askeland på Åsheim som kjøpte. Merket var Allen Oxford og kom truleg til gards kring 1950-talet. I Gjerstad-sokna var Jofred Lone fyrst ute, då han  kjøpte motorslåmaskin i 1953. Han gjekk mykje på leigeslått hjå andre bønder som såg kor lettvint det var å slå med maskin. Kåre Birkeland på Valestrand var den fyrste i Hamre-sokna som kjøpte motorslåmaskin, i 1954. To naboar, Malvin Kleppe og Johannes I. Reigstad, hjelpte han med finansieringa mot at han slo hjå dei for pengane. Elles gjekk han  mykje på leigeslått hjå andre i bygda. Mange tykte det var ei stor investering å kjøpa motorslåmaskin og valde heller å leiga andre  til å ta den tyngste slåtten. For mange ungdomar på bruk med motorslåmaskin var difor sommaren ei travel tid når dei også skulle leigeslå på nabobruka. Etter kvart var det fleire og fleire som kjøpte motorslåmaskiner. Bygdanytt kunne såleis melda i 1956 at Olav Vevletveit hadde fått seg motorslåmaskin, og veka etter kunne avisa fortelja at Olav Solberg hadde kjøpt både traktor og motorslåmaskin. Slike kjøp var framleis så storveges at det var verdt eit oppslag i lokalavisa.


Det var ikkje berre traktoren og motorslåmaskina som forenkla gardsdrifta i denne perioden. I 1949 var det berre to mjølkemaskiner i Haus, Hamre, Hosanger og Bruvik kommunar, den eine i Haus og den andre i Hamre. Ti år seinare var talet auka til 153, og i 1969 var det 110 mjølkemaskinanlegg i Osterøy kommune. Då var òg dei to fyrste røyrmjølkingsanlegga installerte. Mjølkemaskina gjorde slutt på den strevsame handmjølkinga, som tradisjonelt hadde vore ei oppgåve for kvinnene. Med maskinmjølking vart det vanlegare at mennene tok seg av fjøsstellet.


Ulike reiskapar for arbeid på åker og eng vart òg vanlege. Fleire og fleire brukarar kjøpte potetopptakar, gjødselspreiar, rakerive og anna utstyr som gjorde arbeidet enklare og lettare. I mange tilfelle var slikt utstyr kjøpt for hestebruk, men det kunne òg brukast med traktor.



Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet