Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Barselet – kvinnene si svepe


Sesilie Olsdotter på Håland venta det åttande barnet sitt hausten 1853. Fødselen gjekk ikkje slik han skulle, og barnet, ein gut, var dødfødt. Sesilie kom seg aldri or barselsenga. Tolv dagar etter fødselen døydde ho. Ho var ikkje den einaste. Mange fødande kvinner hadde all grunn til å frykta fødselen. Dersom ikkje alt gjekk greitt, kunne det verta skjebnesvangert for både mor og barn. Tre–fire prosent av fødslane førte til dødsfall for mødrene. Det verkar ikkje avskrekkande, men når me veit at ei kvinne kunne ha fem–seks og kanskje fleire fødslar, var risikoen stor for å døy.


Frå gamalt var det nærkoner som vart tilkalla for å hjelpa den fødande. Men i 1810 kom eit reglement om opplæring av jordmødrer for å gje fødande betre hjelp og gjera fødselen mindre risikofylt. Frå 1818 kom det i gang ein jordmorskule i Kristiania, der elevane fekk ei eittårig utdanning. Dortea Jonsdotter frå Haus søkte i 1820-åra om offentleg stønad til å ta jordmorskulen, men på førespurnad ville korkje bøndene i Haus eller grannedistrikta tilsetja ei utdanna jordmor. Dei frykta auka pengeutlegg. Truleg fekk likevel Dorte jordmorutdanning. I ei medisinalmelding frå 1853 heiter det at det budde ei jordmor i Haus, men ho var ikkje offentleg tilsett. Etter alt å døma var dette nettopp Dortea. I 1851 vedtok medisinalvesenet at i Søndre Bergenhus amt skulle kvar kyrkjesokn vera eige jordmordistrikt. Likevel var det langt fram til så god dekning, men Haus var jordmordistrikt frå 1857. Medisinalmeldingane frå 1860-åra syner at ei ”eksaminert” jordmor var i arbeid i Haus.


Ved vanskelege fødslar ville ikkje jordmora vera åleine med ansvaret, og då tilkalla ho distriktslegen. Doktor Krohn fortel om nokre grufulle fødslar han vart kalla til. I eitt tilfelle var det gått hòl på livmora under ein fødsel med dels rote foster. Den stakkars fødande miste veane og vart liggjande kaldsveittande med glanslause augo. ”Tangen blev straks anlagt, men fosteret var så sterkt forråtnet at hodets ytre bekledninger etter noen traksjoner brast, og hjernen fløt du mellem tangarmene.” Kvinna vart til slutt forløyst, men enden var viss: ”Konen levde ennu noe over 2 døgn.” Ein annan fødsel som distriktslegen vart kalla til, var like grufull. Lang avstand gjorde at det tok tid før legen nådde fram, og grunna den fødande sine pinsler hadde jordmora prøvt å få fødselen i gang, men fånyttes. Krohn kunne ikkje anna gjera enn å klippa over ryggrada på fosteret for å få det ut. Han avsluttar denne skrekkscena: ”Konen var særdeles takknemlig over og følte seg betydelig lettet ved forløsningen. Døden innfant seg etter omtrent et døgns forløp.”


Om ikkje fødselen gjekk like gale som i desse tilfella, var kvinnene ikkje utanfor fare. Uhygieniske tilhøve kunne føra til barselfeber. Då var sjansane store for at kvinna døydde, og fordi barnet ikkje fekk morsmjølk, var risikoen stor for at også barnet strauk med. Fødande kvinner hadde all grunn til å frykta fødselen. Dersom ikkje alt gjekk greitt, kunne det verta skjebnesvangert for både mor og barn. Tre–fire prosent av fødslane førte til dødsfall for mødrene. Det verkar ikkje avskrekkande, men når me veit at ei kvinne kunne ha fem–seks og kanskje fleire fødslar, var risikoen stor for å døy.


Frå gamalt var det nærkoner som vart tilkalla for å hjelpa den fødande. Men i 1810 kom eit reglement om opplæring av jordmødrer for å gje fødande betre hjelp og gjera fødselen mindre risikofylt. Frå 1818 kom det i gang ein jordmorskule i Kristiania, der elevane fekk ei eittårig utdanning. Dortea Jonsdotter frå Haus søkte i 1820-åra om offentleg stønad til å ta jordmorskulen, men på førespurnad ville korkje bøndene i Haus eller grannedistrikta tilsetja ei utdanna jordmor. Dei frykta auka pengeutlegg. Truleg fekk likevel Dorte jordmorutdanning. I ei medisinalmelding frå 1853 heiter det at det budde ei jordmor i Haus, men ho var ikkje offentleg tilsett. Etter alt å døma var dette nettopp Dortea. I 1851 vedtok medisinalvesenet at i Søndre Bergenhus amt skulle kvar kyrkjesokn vera eige jordmordistrikt. Likevel var det langt fram til så god dekning, men Haus var jordmordistrikt frå 1857. Medisinalmeldingane frå 1860-åra syner at ei ”eksaminert” jordmor var i arbeid i Haus.


Ved vanskelege fødslar ville ikkje jordmora vera åleine med ansvaret, og då tilkalla ho distriktslegen. Doktor Krohn fortel om nokre grufulle fødslar han vart kalla til. I eitt tilfelle var det gått hòl på livmora under ein fødsel med dels rote foster. Den stakkars fødande miste veane og vart liggjande kaldsveittande med glanslause augo. ”Tangen blev straks anlagt, men fosteret var så sterkt forråtnet at hodets ytre bekledninger etter noen traksjoner brast, og hjernen fløt du mellem tangarmene.” Kvinna vart til slutt forløyst, men enden var viss: ”Konen levde ennu noe over 2 døgn.”


Ein annan fødsel som distriktslegen vart kalla til, var like grufull. Lang avstand gjorde at det tok tid før legen nådde fram, og grunna den fødande sine pinsler hadde jordmora prøvt å få fødselen i gang, men fånyttes. Krohn kunne ikkje anna gjera enn å klippa over ryggrada på fosteret for å få det ut. Han avsluttar denne skrekkscena: ”Konen var særdeles takknemlig over og følte seg betydelig lettet ved forløsningen. Døden innfant seg etter omtrent et døgns forløp.” Om ikkje fødselen gjekk like gale som i desse tilfella, var kvinnene ikkje utanfor fare. Uhygieniske tilhøve kunne føra til barselfeber. Då var sjansane store for at kvinna døydde, og fordi barnet ikkje fekk morsmjølk, var risikoen stor for at også barnet strauk med.


Barselet - kvinnene si .... Dødsfall og jordeferd. Attraktive enkjer. Ein lokal Gjest Bårdsen?. Gjestgjeveri og ølt.... Blinde-Lars vart jaga .... På æra laus.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet