Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Gardssoga for Mjedlagardane
I boka "Gardssoga for Mjedlagardane" fortel Torstein Selvik historia om gardane i Mjeldalen. Me vert kjende med folket som har levt her gjennom tidene, og korleis levekåra har skifta for både fattig og rik.
I Nedste Mjedla skapte Garmann-familien eit herresete, og i boka får me inngåande kjennskap til korleis denne familien prega Mjeldalen gjennom 200 år. Eit resultat av ein slik stormannsfamilie i ei lita bygd var eit system av husmannsplassar, som er heilt spesielt for Osterøy. Me vert også kjende med husmennene, kven dei var, kvar dei budde og korleis deira levekår var. Men også lokale hovdingar vert me kjende med, t.d. korleis lensmannen i Øvste Mjedla bygde opp sin maktbase.
I Mjeldalen finst enno i bruk det gamle systemet med særnamn på dei einskilde bruka. Her får me vita korleis dei ulike bruka har fått namna, kvifor det heiter Jornane, Tostnane, Fokståane, Brøkane, Mongsane osb.
For alle som er interesserte i lokalhistorie vil denne boka om Mjeldalen gje ny og verdfull kunnskap om korleis folk har levt i farne tider.
Boka er på 144 sider. Pris kr 150 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-46-1
Utgjevingsår 2. utgåve: 2021
1. utgåve utgjeven 2000.
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet