Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Dødsfall og jordeferd


I det gamle bondesamfunnet hadde menneska mange varsel om komande død. Halmstrå eller pinnar i kross var eitt slikt førevarsel, likeins om arbeidsreiskapar tilfeldig la seg i kross. Var nokon i ei samkome og dei skulle takka for seg, var det eit dårleg teikn om fire kom til å handhelsa i kross. Då ville ein av dei døy i nær framtid. Ei historie frå litt nyare tid fortel at slike førestellingar levde lenge. I 1919 kom Alfred Hana til ho Kari på Rinden (i Koppen) med noko fisk. Som skikken var ville ho by han noko og kom med ei ause med vatn. Då han skulle ta ausa, kom hendene deira bort i einannan. Kari tok til å jamra seg, for dette var eit dårleg teikn. Ein av dei kom til å døy innan kort tid. Kari var gamal og tenkte på seg, men Alfred døydde året etter.


Når einkvan var død, vart sjølvsagt skyldfolket bedne i gravferda. Men i tillegg gjekk husbonden rundt i grenda og bad i jordferd. Grefta var den næraste gardkrinsen, og det var vanleg å be både gamle og ungfolk frå alle gardane i grefta. I samband med gravferd var dei avhengige av kvarandre for å syta for ei anstendig avferd for den døde.


Eit dødsfall på Langeland i 1845 syner korleis samarbeidet i grefta fungerte. Langeland var i greft saman med Haustveiten. Det var ein vørd mann som låg for døden, og grannane ville gjera ei skapleg veitsle over han. Dei hadde ikkje malt på garden, men då mannen var komen ”i andlåtå” (dødsstunda), reiste to mann or grefta til Bergen etter malt. Med det same kjøpte dei med seg eit anker brennevin. Då dei to kom heim att, var mannen død. Dei heime hadde byrja gjera klart til brygging. Sjølv om ølet var ferskt, vart det sterkt og godt. Mannen hadde liggjande bord berekna på likkiste, og to mann arbeidde kista. Grannekonene baka flatbrød og vaska husa. Eit par dagar før gravferdsdagen gjekk to mann til kyrkjegarden på Hosanger og kasta opp grava. Då gravferdsdagen kom, måtte liket berast frå Langeland til Hosanger. Fire mann skifta på å bera den lange vegen, om lag sju kilometer.


Tilsvarande samarbeid måtte grannegardar alle stader få til, for alle skulle ha ei sømeleg gravferd. Tysså og Tyssebotnen var greft i lag, og når einkvan døydde på fjellgarden Tyssebotnen, var berre det å få liket til kyrkjes eit stort problem. Karane i grefta måtte ta liket ned til Tysså dagen før gravferda. Frå Tysså hadde dei henta lange liner frå nótbruka. Fyrst måtte liket berast ned til Botnavatnet og så roast for enden av vatnet. Deretter bar dei det fram på Kåtebrekka, ei bratt brekke ned i Tyssedalen. Der sette dei kista på ein slede, og med linene gjekk fleire bakanfor og styrte farten, medan andre med sine liner hindra at sleden kvelva. På Tysså vart liket sett inn i ei løe. Frå Tysså til Hosanger rodde dei kista, ein avstand på mest ti kilometer. Sjølve gravferda heldt dei hjå ein av brukarane på Tysså. Det var alltid i same tunet dei sette kista inn og heldt gravferda.


Likkista vart arbeidd heime, og dei fleste hadde bord liggjande til det; ja, enkelte hadde endåtil gjort kista si ferdig. Tilsvarande er fortalt frå andre stader i landet og bygde på førestellinga om at ein skulle få ro i grava. Liket vart vaska og stelt, og den døde vart kledd i likklede. Det var gjerne faste kvinner i grenda som sauma likklede. Når den døde var lagd i kista, vart ho sett i ei bu eller på låven til jordferdsdagen. Eldgamal er tradisjonen med å halda likvòke nettene fram til likferdsdagen – det var for å halda vonde ånder borte. Under likvòkene kunne dei trøytta tida med leik og spel og stundom dans. Likvòke vart forbode i kyrkjeordinansen av 1607, men heldt seg i mange bygder til innpå 1800-talet.


Det var sjølvsagt at avskil og minnestund over den døde skjedde i heimen. Gjestene i jordferda kom tidleg om føremiddagen, og dei vart fyrst serverte eit enkelt måltid. Bordbøn både før og etter maten høyrde med, likeins salmar som høvde. Etter måltidet gjorde ein plass til å bera inn kista. Loket vart teke av så alle skulle få sjå den døde. Kjøkemeisteren leidde samkoma; der var salmesong, og det vart sagt minneord over den døde. Så var tida komen til det siste farvel. Under salmesong vart kisteloket spikra på, liket vart sunge ut or stova og kista boren ut. I mange tun sette dei kista på ein fast stad, ”liktuva”, medan dei venta på at gravferdsfylgjet ordna seg til å gå til kyrkja. Tradisjonen sa at dei måtte gjera kva som helst for å hindra den døde i å gå att. I mange hus hadde dei ein opning i andveggen som kunne boltast att, og når liket skulle ut or stova, vart denne gluggen teken ut og den døde boren ut gjennom veggen med føtene føre. Frå gamalt bar dei liket tre gonger rundt huset motsols for å forvilla den døde. Bar dei liket ut gjennom døra, trudde dei det var lettare for den døde å gå att.


Frå gamalt bar dei liket til kyrkja, om ikkje garden låg til sjøen. Ingeborg Hana har fortalt om gravferdsskikkar i Gjerstad-sokna. Kring midten av 1800-talet vart det mykje strid då dei byrja køyra lika til Gjerstad. Vegane var ikkje altfor gode, og folk jamra seg fælt over kor ille dei for med lika. Det hermdest etter ein eldre mann på Småland at han som lik før ville gå halve vegen til kyrkja enn han ville dei skulle køyra han. Likfylgje frå Hauga-bygda la eit åklede på kista. Når likferda kom til Kvitkleiva på Vevle, la dei ein kvit linduk på kista òg. Var det eit kvinnelik, la dei duken på hovudenden, var det eit mannslik, la dei duken på fotenden. Kvitkleiva kan ha fått namnet etter denne gamle skikken. Her var fast kvilestad. Kvile hadde dei òg på toppen av Møsåsen og i Skistad-kleiva, der det enno ligg ein stor stein som dei kunne setja liket frå seg på, liksteinen. Komne fram til Skohaugen var det vanleg å byrja på songen ”Bedre kan jeg ikke fare”.


Grava hadde familiemedlemer, gjerne med hjelp av grannar, kasta opp dagen i førevegen. Kista vart sett i grava slik at ansiktet på den døde vende mot aust, noko som heng saman med tanken på oppstoda. Etter ein salme kasta dei att grava. Dei sette ein stokk ned på kisteloket. Neste gong det var preike, heldt presten jordpåkasting. Då drog dei stokken opp og presten kunne sleppa jord ned på kista. I enkelte høve kunne det gå mange veker før jordpåkastinga.


Så tok gravferdsfylgjet på heimveg. Var det lang veg, ”nørde” dei undervegs. Dette var på faste kvilestader, og dei fekk skjenk og litt å bita i. I gravferdsheimen var det stelt til middag medan gjestene var til kyrkjes, og det vanka gjerne på rømmegraut og grynagraut i slike høve. Gjestene vart trakterte med mykje mat, og i ei skikkeleg jordferd måtte det vera rikeleg med både øl og dram. Ei jordferd kunne gå over to dagar, og i gravølet kunne det gå laust for seg når ølet gjorde sin verknad. Tidlegare var det også vanleg med dans når det leid ut i gravølet, men denne skikken tok slutt. Siste gravferda med dans i Hosanger var kring 1860.



Barselet - kvinnene si .... Dødsfall og jordeferd. Attraktive enkjer. Ein lokal Gjest Bårdsen?. Gjestgjeveri og ølt.... Blinde-Lars vart jaga .... På æra laus.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet