Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Bygdeboka - bd. I Bygdeboka - bd II
Osterøy Bygdebok
Osterøy Bygdebok er allmennsoge for Osterøy i to band. Band 1 går frå dei eldste tider til 1870. Band 2 går frå 1870 til i dag. Fyrste bandet vart gjeve ut i 2007, andre bandet kom i 2011. Heile prosjektet har såleis teke sju år.
Attom bygdeboka står Osterøy Bygdeboknemnd. Nemnda er skipa av Osterøy Sogelag, Osterøy museum og Osterøy kommune. Medlem i bygdeboknemnda har vore: Frå Osterøy Sogelag: Rune Revheim (leiar), Leiv Mæhle, Agnar Vevle. Frå Osterøy museum: Randi Andersen. Frå Osterøy kommune: Roger Breivik. Professor Ståle Dyrvik frå Historisk institutt ved Universitetet i Bergen har vore knytt til prosjektet som fagkonsulent.
Forfattar av Osterøy Bygdebok er Geir Kleiveland. Han er utdanna lektor frå Universitetet i Bergen. Tidlegare har han skrive bygdebøker for Naustdal kommune - to band gards- og ættesoge og eitt band allmennsoge. For Meland kommune har han skrive tre band gards- og ættesoge. Han har skrive ei rad artiklar og lokalhistoriske bøker med stoff frå Osterøy. Sidan 1989 har han vore med i skriftstyret for «Osterøy i soge og samtid».
Viktigaste finansieringa av bokprosjektet står Osterøy Sogelag for. Laget har lagt alle inntektene frå boksal gjennom mange år inn i prosjektet. Overskotet av sogeskriftet «Osterøy i soge og samtid», eit fellesprosjekt mellom sogelaget og museet, er også brukt på bygdeboka. Endeleg har Osterøy kommune gjeve viktige bidrag til prosjektet. I tillegg har Sparebanken Vest løyvt midlar, og forfattaren har fått fleire stipend frå Det faglitterære fond/Norsk faglitterære forfatter- og oversetterforening.
Du kan lesa meir om kvart av banda ved å trykkja på framsidene til venstre eller desse lenkjene:



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet