Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Barselet - kvinnene si .... Dødsfall og jordeferd. Attraktive enkjer. Ein lokal Gjest Bårdsen?. Gjestgjeveri og ølt.... Blinde-Lars vart jaga .... På æra laus.

På æra laus


På hausttinget i Mjelde skipreide i 1642 kom det opp ei alvorleg sak for dei det gjaldt. Olav Rongve og Kari Vevletveit, kona til Knut Vevletveit, hadde klaga Elling Revheim for tinget fordi han skulle ha sagt at Olav låg i lauslivnad med Kari. På grunn av dette hadde presten nekta Olav og Kari sakramentet (nattverden). Med det var dei på aller tydelegaste måte sette utanfor samfunnet, og det var alvorleg for eit bygdemenneske på 1600-talet.

Elling orsaka seg med at då dette var eit rykte som gjekk i bygda, meinte han at lensmannen burde undersøkja om det var noko i bygdesnakket. Det kom fram at det var Nils Rongve som hadde bore ut at Olav skulle ha vore funnen i senga hjå Kari. Og Mons Vevletveit, stesonen til Kari, hadde spreidd ryktet om at ho nattetider forlet huset sitt, og at Olav skulle ha kome frå hennar hus tidleg enkelte morgonar. Ingen av dei to som hadde spreidd ryktet, kunne prova noko som helst, men skulda på nokre umyndige born som skulle ha sagt det. Utan prov var dommen klår: Olav og Kari var fritekne for skuldingane. Nils og Mons burde bøta 4 mark sølv for å ha vikla dei to uskuldige inn i ei slik sak.

– – –

Futen Laurits Markvardsen greidde med kjeltringaskap å lura til seg futegarden på Valestrand som sin personlege eigedom. I lang tid heldt han prosessar med bøndene om dette. I eit festarøl i Hovden i 1638 oppmoda lensmannen i Mjelde skipreide, Baste Halland, gjestene om å drikka futen si skål. Johannes Ellingsson Revheim nekta å gjera det, for han meinte Markvardsen hadde stole futegarden frå dei. Kanskje ikkje så langt frå sanninga, men Markvardsen kjende seg ærekrenka og kravde dom over Johannes. Han vart dømd til ”at bøde 4 mark og fra sin ære”. Firemarksbot i slike saker vart rekna som ærelaus bot, og Johannes var med dette stempla som løgnar. Men ei slik æreløyse kunne opphevast av kongen. Johannes søkte kongen om oppreising, og året etter fekk han det på vilkår av at han ”tilfredsstiller” Markvardsen. Johannes gjekk seinare for ”æreløysa”. Han skulle òg ha flytta grensemerket mellom Revheim og Borgo tre gongar før han var fornøgd.

Svært mange saker på bygdetinga på 1600-talet har med æra å gjera. Æres-omgrepet går attende til mellomalderen, då ein mann måtte verna æra åt alt han rådde over. Baksnakk og ryktespreiing, ”ømmel”, var den vanlegaste måten nokon vart ærekrenkt på. Å skulda nokon for tjuv, ”Rapper og Snapper”, var typisk. Ofte fekk fylla skulda, og med ei orsaking slapp mange unna med det.

Den som kjende seg ærekrenka, kunne ta saka inn for tinget og krevja at den som sette ut skuldingane, måtte prova dei. Kunne ikkje vedkomande det, vart den ærekrenkte frikjend og hadde dermed fått æra tilbake. Den som utan grunnlag hadde kome med skuldingane var den som då tapte æra.

I det gamle bonde­samfunnet var slekta og garden dei sentrale einingane, og for at samfunnet skulle fungera, måtte enkeltmenneska innretta seg etter dei krav samfunnet sette. Æra var på sett og vis ”medlemskortet” eit menneske hadde som deltakar i samfunnet. Ein ærekrenkt person vart derimot sett utanfor samfunnet. Det såg me gjaldt Olav og Kari, som vart skulda for lauslivnad og vart nekta nattverd.

Dei mange sakene om ærekrenking dreia seg såleis ikkje om at menneska på 1600-talet var spesielt hårsåre og vart lett personleg fornærma. Sakene gjaldt den sosiale posisjonen den ærekrenkte miste. Når folk gjekk til retten for å vinna tilbake æra, var det for å forsvara den plassen dei hadde i bygde­samfunnet.




Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet