Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Havråboka - Soga om ein gamal gard på Osterøy
Havrå tunet på Osterøy er det næraste me i Noreg kjem til ein europeisk landsby. På Havrå ligg husa samla i rekkjer med steinsette gater imellom. Tunet er sentrum i eit kulturlandskap med sterk teigblanding. Garden Havrå vart ikkje utskifta, og difor ligg teigane åt dei einskilde eigarane slik dei har gjort frå alders tid.
I 1994 føreslo miljøverndepartementet å freda heile Havrå-garden for å ta vare på det eineståande kulturminnet som garden er. Sidan dei fleste andre gardar på våre kantar vart utskifta, er det berre Havrå som i dag kan fortelja korleis gardslandskapet var organisert før utskiftingane.
Forfattaren av boka, Brita Skre, har like frå 1950-åra arbeidt med å dokumentera arbeidslivet på Havrå. I Havråboka deler ho av den kjennskapen ho har om garden, folket og utviklinga på Havrå.  
Stiftinga Havråtunet er utgjevar av boka. Stiftinga har sidan 1973 støtta opp om vedlikehald av husa på garden og skjøtsel av innmarka nær tunet.
Boka er på 173 sider (A4). Pris kr 290 + ev. porto.
Utgjevar: Stiftinga Havråtunet.
ISBN 82-9933309-0-4
Utgjevingsår: 1994
I kommisjon hjå:
Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.
Havråboka



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet