Osterøy Sogelag
Søk på Osterøy Sogelag
Osterøy Sogelag arbeider for å vekkja interesse for lokalhistorie frå Osterøy og for å gjera lokalhistorisk stoff frå området kjent for flest mogleg. Det gjer laget gjennom sogeskriftet «Osterøy i soge og samtid» saman med Osterøy museum.
Dessutan gjev Osterøy Sogelag ut bøker med emne frå lokalhistoria på Osterøy. På denne nettstaden kan du gjera deg kjent med bøkene våre, og tinga bøker du har interesse av.
Her ser du nokre av bøkene me har gjeve ut. Les meir om bøkene våre på BOKSIDA.
Årboka «Osterøy i soge og samtid» for 2021 er no klar. Her er som alltid eit rikhaldig utval med stoff frå lokalhistoria på Osterøy. Her er minnestoff, forteljing om evakuering under krigen, utvandring frå Brøkdalen og mykje anna. Omtale av boka HER––>.
«Tradisjonskalender for Osterøy 2022» er no ferdig. Her fin du gamle bilete frå ulike kantar av Osterøy. På kalender-månadene har me som før med dei ulike merkedagane som var så viktige for forfedrane våre.
Gruvedrift på Osterøy fortel om den intensive gruvedrifta som vart driven etter nikkel på Nonås og Litland, og om kalkgruvene på Skaftå. Du kan lesa meir om boka HER––>.
«Bygda gjennom tidene - Hauga-bygda frå dei eldste tider til i dag» er bygdesoge om det som var Hauge skulekrins fram til 2016. Lagslivet siste hundreåret har ein plass. Boka er rikt illustrert med gamle og...
Nettbutikken vår
No er nettbutikken vår i drift att. Så no er det berre å handla av hjartans lyst.
|
||||
|
|
|||
|
|
|||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|||
|
|
|||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
|
|
|