Osterøy Sogelag
Søk på Osterøy Sogelag
Osterøy Sogelag arbeider for å vekkja interesse for lokalhistorie frå Osterøy og for å gjera lokalhistorisk stoff frå området kjent for flest mogleg. Det gjer laget gjennom sogeskriftet «Osterøy i soge og samtid» saman med Osterøy museum.
Dessutan gjev Osterøy Sogelag ut bøker med emne frå lokalhistoria på Osterøy. På denne nettstaden kan du gjera deg kjent med bøkene våre, og tinga bøker du har interesse av.
Her ser du nokre av bøkene me har gjeve ut. Les meir om bøkene våre på BOKSIDA.
Årboka «Osterøy i soge og samtid» for 2024 er no klar. Her er som alltid eit rikhaldig utval med stoff frå lokalhistoria på Osterøy. Her er minnestoff, to utrulege utvandringshistorier og mykje anna. Omtale av boka HER––>.
«Tradisjonskalender for Osterøy 2025» er no ferdig. Her finn du gamle bilete frå ulike kantar av Osterøy. På kalender-månadene har me som før med dei ulike merkedagane som var så viktige for forfedrane våre.
Finn ut meir om kalenderen HER––>
«Hamre - kyrkjestad i 1000 år» er historia om Hamre som kyrkjestad sidan Olav den heilage ordna kyrkjeskipanden i 1024. Fylkeskyrkjene var sentrale, og for Nordhordland vart Hamre kyrkjestaden. Les meir HER––>
Nettbutikken vår
Nettbutikken vår når du ved å trykkja knappen NETTBUTIKK i menylina.
Her kan du lesa meir om bøkene og handla bøker du ynskjer å lesa.
Bøkene vert sende i posten.
«Osterøy - kort og godt» er ei kortfatta framstilling av nokre hovudliner i historia om Osterøy, opphavleg utarbeidd til eit kursopplegg for «Osterøykjennarar»
Du kan lesa meir om boka HER––>.
|
|
|||
|
|
|||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
||
|
|
|
|
|
|