Årsmelding 2012 for Osterøy Sogelag (utdrag).
Året 2012 var eit roleg år for Osterøy Sogelag, etter at laget var ferdig med det store prosjektet «Osterøy Bygdebok» året før.
1. Bokutgjevingar og boksal
A. «Vassdal på Osterøy»
I slutten av november 2012 gav sogelaget ut boka «Vassdal på Osterøy. Soga om garden og Brøkdalen». Tore Vassdal, ætling frå Vassdal og busett i Larvik, har i mange år arbeidt med slekta si og etter kvart utvida arbeidet til å femna soga om både garden og Brøkdalen. Far hans var frå Vassdal, og gjennom mange turar til Brøkdalen i barndomen fekk han interesse for levevis og korleis folk hadde overlevd i eit avsides bygdesamfunn. I møte med bygdemenneska snappa han opp mange forunderlege historier, om personar og hendingar av mange slag. Boka vart presentert på Bruvikmessa 2. desember, der Tore Vassdal deltok og selde godt med bøker. Boka er trykt i 1000 eksemplar, pris kr. 250. Til no er det selt nære på 300 bøker.
B: «Tradisjonkalender for Osterøy 2013»
Me gav i november 2012 ut ”Tradisjonskalender for Osterøy” for 2013. Dette er sjuande utgåva av kalenderen vår. Opplegget er som før. Me held fast på bilete i svart-kvitt, slik at kalenderen vår får eit annleis preg enn mange andre i denne gata. Opplaget var også i år 500 eksemplar, noko som stort sett gjekk ut. Det ser ut som me har fått ei fast målgruppe. Prisen er kr. 75. Kalender-nemnd var denne gongen Signe Mjelde Nordås, Grethe Solberg Mjelstad, Elin Bøe Kleiveland, Hild Breivik og Geir Kleiveland.
C: Osterøy Bygdebok
Band II av Osterøy Bygdebok vart gjeven ut i 2011, band I i 2007. Siste året har me selt bygdebøker for ca. 120.000 kroner, det aller meste av band II. Til no har me selt ca. 1.650 eksemplar av band I og ca. 1.200 av band II. Sjølv om beste vinden er teken or salsegla, reknar me med å få selt ein god del av desse bøkene også i framtida.
D: Anna boksal
Sidan starten i 1986 har Osterøy Sogelag gjeve ut til saman 25 boktitlar og 24 utgåver (av totalt 26 utgåver) av sogeskriftet. Dessutan har me overteke salet av ættebøkene for Hosanger frå Hosanger Sogelag, og frå Osterøy kommune har me fått hand om Hamre-bøkene og gards- og ættesoga for Bruvik-sokna. Dei mange boktitlane er i vinden også mange år etter dei vart gjevne ut. Av dei tidlegare bøkene våre har me selt for mest 51.000 kroner i 2012. Bestseljaren er «Osterøy til fots» som me gav ut i 2003. Denne boka er no utseld, av eit opplag på 3.000 bøker. Salet av dei ulike ættebøkene har lege omtrent på same nivået som dei siste åra. Også andre bøker sig ut, for ingen av dei vert «forelda». Viktigaste salskanalen vår er bokhandelen i Lonevåg, der bøkene sig jamt ut. Bokhandelen i Arna hjelper godt på. Dessutan er nettbutikken vår ein svært god salskanal som når mange utanfor kommunen. Sidan opninga 1. september 2009 har me ekspedert 171 boktingingar gjennom nettbutikken, altså i snitt ei tinging for veka. Totalt er det selt for vel 72.000 kroner over nettet.
2. Osterøy i soge og samtid 2012
Sogeskriftet vårt er eit fast innslag i bokfloraen innunder jul. I år kom me med 26. årgangen, som vanleg saman med Osterøy museum. Som tidlegare år er minnestoff ein viktig del av innhaldet. Inga historie er lik; alle har personlege minne – om barndom, ungdom, eller særlege hendingar. Soger om kvardagslivet på godt og vondt kan aldri verta kjedelege. Det er viktig stoff som kjem fram på denne måten.
Av artiklane som kan nemnast i utgåva for 2012, er Ole Angelskår sin om tida hans som FN-soldat i Belgisk Congo vinteren 1962–63, eit opphald som gjorde sterkt inntrykk på ein ung ostring. Karl Johan Reigstad presenterte guteklubbane på Reistad med sine mangslungne aktivitetar innan mange idrettsgreiner både sumar og vinter. Knut Hannisdal lånte oss amerikabrev frå onkelen sin med same namn, noko som vart ei spennande historie frå det norske miljøet i Amerika frå slutten av 1920-åra. Arild Hauge fortale om oppvekst i Hauga-bygda på 1950-talet. Jostein Hausberg skreiv om Godske-garden, og Geir Kleiveland tok føre seg «nesjakongen» i Fjellskålneset. Opplaget var som det har vore dei siste åra: 1.300 eksemplar. Me har vårt faste publikum, som reknar sogeskriftet som ein del av førjulstradisjonen. Utgåva i år vart på 131 sider, med salspris 150 kroner. Sogeskriftet ligg til sals på alle daglegvarebutikkane på Osterøy, dessutan på bokhandlane i Lonevåg og Indre Arna. Skriftstyret har som før vore Randi Andersen, Olav Meltvik og Geir Kleiveland.
3. Nye bokprosjekt
Minnetevlinga som Monrad Solberg skreiv til Nasjonalforeininga si minnetevling i 1964 har me lenge hatt på planen å gje ut som bok, men andre gjeremål har lagt boka på is. No håpar me at det ikkje er lenge til me kan gje ut boka.
Elles har me teke fram att ein oppfylgjar til «Osterøy til fots», men denne varianten som ei rutebok for folk som vil gjera seg kjende på Osterøy i bil eller på sykkel, med vekt på lokalhistorie langs vegane. Planen er å få til grupper i alle bygder som vil finna fram til aktuell lokalhistorie frå sitt område. Styret har delt Osterøy opp i 17 område, og me hadde eit orienteringsmøte med deltakarane frå dei ulike bygdelaga 13. februar 2013 på museet. Planen er at arbeidsgruppene skal samla inn stoff og skriva utkast til tekstar til boka.
Gruvedrift på Osterøy av Leiv Vatle: Boka har vore utseld i lengre tid. Frå Osterøy kommune har sogelaget fått rettane til å trykkja opp att boka. Styret har vedteke å gjera dette i 2013.
Ættarbok for Haus sokn av Lars Ådna: Den «gamle» ætteboka for Haus sokn (som dekte både delar av Osterøy og Skuggestranda) har vore utseld i 12–13 år. Styret har vedteke å trykkja opp att også denne boka i 2013, får å gjera ho tilgjengeleg for alle dei som granskar slekta si.
4. Heimesida
Heimesida til sogelaget er eitt av vindaugo våre mot verda. På sida finn ein oversikt og omtale av alle bøkene og sogeskrifta som er gjevne ut. Dei sogeskrifta som er utselde (1989, 1990 og 1995) ligg no ute i fulltekst, slik at interesserte kan lesa dei på nettet. Det er mange som brukar dei ulike databasane, og gjennom nettbutikken sel me bøker som berre det, for det er mange som er interesserte i lokalhistorie frå Osterøy, særleg er ættebøkene i vinden.
5. Boklager
Til no har sogelaget hatt det meste av boklageret i det gamle kontorbygget på Osterøy museum. No skal bua vekk, og me har i staden fått eit rom i kjellaren i Revheimsstova. Me har brukt 10.000 kroner på nye reolar som er komne på plass. Og når vinteren fer, satsar med på å samla alle bøkene våre på ein plass, frå kontorbua, arkivmagasinet i nybygget og loftet i «Framhall».
6. Økonomi
No er alle aktivitetane i laget, både sogeskriftet og bygdeboka, tekne inn i den samla rekneskapen, så no finst det berre ein rekneskap for laget. For 2012 syner rekneskapen at sogelaget har eit bokført driftsoverskot på vel 252.000 kr. Banklånet, som var på kr. 500.000 ved inngangen av året, er nedbetalt med 400.000 kroner, slik at det ved årsskiftet stod att berre 100.000 av lånet. I januar 2013 er endå 50.000 betalt på lånet, slik at pr. 1. februar 2013 er restlånet på kr 50.000.
7. Styret
Styret i Osterøy Sogelag har vore slik samansett i 2012:
Leiar: Geir Kleiveland
Nestleiar: Rune Revheim
Kassastyrar: Håkon Aasheim
Skrivar: Leiv Mæhle
Styremedlemer: Hild Breivik – Magnus Tveiten
Varamedlemer: Berge Borge – Signe Mjelde Nordås
Osterøy Sogelag har 55 medlemer.