«Osterøy på hjul»

Bokprosjektet «Osterøy på hjul» går framover. Onsdag 9. oktober kalla sogelaget inn til eit nytt samrådingsmøte for dei gruppene som arbeider med prosjektet. Nokre av gruppene har alt skrive ferdig for sine område, andre er godt i gong, medan det i eit par bygder ikkje har vore gjort særleg mykje, til no.

Me utveksla ei mengd idear til korleis boka kunne verta til slutt. Det kom mange nyttige innspel som styret tek med seg til redigeringsfasen. Fleire var opptekne av «faktaboksar» som utdjupar enkelte, spesielle emne. Det vart elles streka under at kart, også for dei ulike bygdelaga, vil vera viktig. Elles vil bilete, både eldre og nytekne, vera viktige i ei slik bok. Ein ny runde med flyfoto er også aktuelt. Som sist vart det atter ein gong streka under at det er betre med for mykje stoff enn for lite.

Optimismen hjå dei som møtte var stor, og alle ser for seg ei attraktiv bok.

Me var samde om at stoff, i form av råkladdar, må vera leverte innan 31.12.2013.

Gamalt bygdaliv på Osterøy

Ny bok !

Monrad Solberg, f. 1894, d. 1965, var smed og dreiv eigen metallverkstad under Fossen i Lonevåg. Han var svært interessert i den nære fortida, og fekk eldre bygdafolk til å fortelja om levekår i tidlegare tider. Dette stoffet tok han vare på ved å delta i den fyrste landsfemnande minnetevlinga som vart halden i 1965, «I manns minne». På den måten sikra han verdifullt stoff om farne tider i bygdene på Osterøy.

Det rike tilfanget som Monrad Solberg på denne måten samla for snart 50 år sidan, er det Osterøy Sogelag no gjev ut som bok. For alle som er interesserte i lokalhistorie, vil boka gje nytt innblikk i korleis bygdalivet arta seg før i tida.

Nye bøker er på veg

No har Osterøy Sogelag to bøker på veg!

Opptrykket av ætteboka for Haus (den gamle Haus-boka) går sin gong, og boka er venta i sal i oktober. Då kan alle som fåfengt har prøvt å få fat i denne boka dei siste 12-13 åra, endeleg leita etter slekta si bakover i tida.

Også boka av Monrad Solberg, med tittelen «Gamalt bygdaliv på Osterøy», ligg no i trykkjeriet. Denne boka kjem i sal midtveges i september. Boka byggjer på minneoppgåva som Solberg skreiv i 1965 til tevlinga «I manns minne». Han fortel mykje forvitnaleg om levekår i bygdene på Osterøy i tidlegare tider.

Me kjem attende med fleire opplysningar når bøkene kjem i sal.

Minnestein over «Statsråden»

Osterøy Sogelag har teke på seg å prøva å få sett opp ein minnestein i Haus over tidlegare stortingsmann og statsråd Ole M. Mjelde (1865-1942). Han sat på Stortinget frå 1908 til 1936, og i mellomkrigstida var han statsråd i alle venstre-regjeringane, til saman mest ni år. Mjelde er såleis ein av dei mest markante politikarane frå Osterøy. Ein minnestein over han er på sin plass.

Nokre av etterkomarane etter statsråden kontakta sogelaget om å hjelpa til å få reist ein minnestein over mannen som spelte ei viktig rolle i rikspolitikken. Førebels er planen å få reist ein minnestein i Haus, nær kyrkja. Det må fyrst avklarast med dei rette instansane, og så må finansieringa på plass.

Ny bok nærmar seg

Ein av dei som deltok i minnetevlinga i 1965, var Monrad Solberg (1894-1965) frå Lonevåg. Han skreiv ei omfattande oppgåve der han fortalde om det gamle bygdelivet slik han hugsa og hadde fått fortalt.

Osterøy Sogelag har avtala med etterkomarane hans om å gje minneskrivinga hans ut som bok. No er det meste av arbeidet med sjølve teksten gjort. Me har også fått inn ein del bilete, mellom anna har etterkomarane sendt oss dei bileta Solberg la ved oppgåva. Eit par personar skal kontaktast for om mogleg få inn fleire bilete, men elles er det planen at boka skal koma til hausten.

Altså endå ei bok med lokalhistorie frå vår nære fortid på Osterøy.

Søk emne i sogeskrifta

No kan du søkja etter emne i sogeskrifta.

Gjennom 27 årganger av «Osterøy i soge og samtid» med meir enn 3.300 sider med lokalhistorie frå Osterøy er det ikkje lett å ha oversikt over kvar ein kan finna spesielle tema. Men no er hjelpa her !
Me har laga eit søkjesystem slik at du kan søkja etter bestemte emneord frå alle utgåvene av sogeskriftet. Her er ca. 1.500 emneord, så det skal vera gode sjansar for å finna det du er ute etter. Resultatet får du med tittel på artikkelen, år og kven som har skrive artikkelen.
Om du vil ha fram artiklane til ein bestemt forfattar, kan du også søkja fram det. Du søkjer då på etternamn til forfattaren.
Søkjesida for sogeskrifta finn du her: http://osteroy-sogelag.org/emnesok.html

Lukka til !

Osterøy kommune vert til

No kan du fylgja utviklinga fram mot det som vart Osterøy kommune i 1964. Det starta med dei to enorme prestegjelda Hamre og Haus. Prestegjelda og soknene var grunnlaget då kommunane vart oppretta i 1838. Etter kvart som tida gjekk, vart fleire kommunar oppretta, små justeringar fann stad, og til slutt, i 1964, vart Osterøy kommune oppretta.

På heimesida vår kan du fylgja utviklinga i kommunestrukturen steg for steg, på denne lenkja: http://www.osteroy-sogelag.org.

Rettingar til ættebøkene

Osterøy er godt forspent med ættebøker, og mange brukar ættebøkene flittig til å finna slekta si. Men det er vanskeleg å unngå feil i det mylderet av einskildopplysningar som finst i ættebøkene. Mange har kanskje funne opplysningar som ikkje stemmer. I slektsgransking kan det vera lurt å dela feil med andre. Dermed kan fleire få så rette opplysningar om si slekt som mogleg. På forum-sida til Osterøy Sogelag kan du no leggja inn feil du har funne under slektsarbeidet ditt. På det viset kjem dine oppdagingar andre til nytte.

For å skriva inn feil du har oppdaga, fylgjer du denne lenkja: http://osteroy-sogelag.org/forum.html. Klikk på «Rettingar til ættebøkene».

Hausboka i trykk !

No er Hausboka sendt til trykkjeriet ! Den gamle ætteboka for tidlegare Haus sokn (utgjeven i 1959) har vore utseld i 12-13 år. Mange ynskjer å få fat i boka, og difor har sogelaget vedteke å trykkja ho opp att. Dermed kan alle dei som vil leita etter slekta si bakover i tida, på nytt får tilgang til denne verdfulle boka.

Boka vil verta ørlite nedfotografert for å passa til dagens bokformat. Ho vert utstyrt på tilsvarande måte som opptrykket av Gjerstad-boka (frå 1993). Slik det ser ut no vil Hausboka vera klar til hausten.

Årsmøtereferat 2013

Årsmøte i Osterøy Sogelag 13/03-2013.
Stad : Osterøy museum.
Til stades: 16 medlemar.

1 Godkjenning av innkallinga – konstituering
Innkallinga vart godkjent utan merknad.
Møteleiar Geir Kleiveland, skrivar Leiv Mæhle.

2 Årsmelding 2012
Geir orienterte om årsmeldinga og arbeidet gjennom året.
Boka om Vassdal kom ut i november i eit opplag på 1000 stk. Det er til no selt 300 bøker. Tradisjonskalendaren kom ut for 7. gong og sel godt. Neste år vil me auka opplaget frå 500 til 600 stk.
Bygdeboka vart avslutta i fjor, og salet i år har kome opp i 120 000 kroner. Me reknar med at sal av bygdeboka vil gje pengar i kassen i mange år frametter.
Sogelaget har til no gjeve ut 25 boktitlar, i tillegg til årbøkene. Sal av tidlegare bøker har i år kome opp i 51 000 kroner.
Osterøy i soge og samtid kom ut for 26. gong og har ein stabil lesarskare.
Av nye prosjekt er det boka til Monrad Solberg som har kome lengst. Her reknar me med utgjeving før sumaren.
Me har også starta arbeidet med ei turbok langs Osterøyvegane. Her vert mange personar involvert, men me reknar med at boka ikkje kjem ut før i 2014
Me vil også trykkja opp att to bøker som er utselde. Det er ”Gruvedrift på Osterøy” og ”Ættebok for Haus sokn”.
Årsmeldinga vart godkjent utan merknader.

3 Rekneskap 2012
Rekneskapet vart framlagt på årsmøtet.
Sogelaget har tidligare hatt tre separate rekneskap. Eit for sogeskriftet, eit for bygdeboka og eit for sogelaget. Dette er no slege saman til eit rekneskap.
I 2012 hadde sogelaget eit overskot på kr 252 000. Banklånet på kr 500 000 er nedbetalt med kr 400 000.
Rekneskapet vart godkjent utan merknader.

4 Val
Nytt styre for 2013:
Geir Kleiveland, leiar – attvald for 2 år
Rune Revheim – attvald for 2 år
Leiv Mæhle – ikkje på val
Håkon Aasheim – attvald for 2 år
Hild Breivik – ikkje på val
Magnus Tveiten – ikkje på val

Varafolk:
Berge Borge – attvald for 1 år
Signe Mjelde Nordås – attvald for 1 år

Ettersynsmenn:
Vidar Simmenes – attvald for 1 år
Rolf Kalland – attvald for 1 år

Valnemnd:
Øyvind Vevle (leiar) – ut i 2014
Agnar Vevle – ut i 2015
Oddmund Vevle – ut i 2016

5 Orienteringar
Geir gav orientering om nye ting som er lagt inn på heimesida til Sogelaget. For folk som vil driva med slektsgransking, er det no lagt inn ein link til Geir sitt slektstre. Her kan me ”kobla oss på” dersom me har ein felles slektning. Det går også an å laga sitt eige slektstre. Det vert kanskje eit kurs for dei som er interesserte.
Det er også lagt inn ein blogg der alle kan gå inn og lesa om laget sine aktiviteter.
I forbindelse med bokprosjektet ”Osterøy på hjul” er det laga ei nettside der dei som skriv, kan leggja inn stoff eller stilla spørsmål. Her kan dei som er med halda kontakt med kvarandre.

I pausen koste me oss med lefser og kaffi.

Mæhle 17/3-2013

Leiv Mæhle