Årsmøtereferat 2014

Årsmøte i Osterøy Sogelag 17/03-14
Stad : Osterøy museum
Til stades: 16 medlemar

1. Godkjenning av innkallinga – konstituering
Innkallinga vart godkjent utan merknad.
Møteleiar: Geir Kleiveland, skrivar: Leiv Mæhle

2. Årsmelding 2013
Geir orienterte om årsmeldinga og arbeidet gjennom året.
2013 har vore eit godt år for laget. Minneoppgåva til Monrad Solberg kom ut i september og vart godt motteken. Av eit opplag på 1000 er no vel halvparten selt.
Ættebok for Haus sokn har vore utseld i mange år, men har no vorte trykt opp at i 1000 eksemplar. Til no har me selt ca. 150 bøker, men dette er ei bok som skal vera tilgjengeleg i mange år, så dette var forventa. Ættebøkene er viktige for slektsinteresserte og er ofte ein døropnar til nettbutikken.
Tradisjonskalendaren kom ut for åttande gong og har til liks med Årboka fått eit godt fotfeste i førejulshandelen. Opplaget vart i år auka frå 500 til 600, så her er ei positiv utvikling.
Sogelaget har også ein post i årsmeldinga som heiter «Anna boksal». Dette har etter kvart vorte ei betydeleg mengde bøker og eit stort boklager som me no vil få samla i magasinet under Revheimstova på Osterøy museum. Her er 29 boktitlar og 25 (av totalt 27) årgangar av Sogeskriftet. I tillegg har me også fått alle ættebøkene for Hosanger, Hamre, Gjerstad, Haus og Bruvik. Alt dette er bøker som sig ut jamt og trutt gjennom nettbutikken til Sogelaget og bokhandlarar i Lonevåg og Arna.
Av nye bokprosjekt er det «Osterøy på hjul» som har hovudfokuset. Dette er eit omfattande samarbeidsprosjekt med historieinteresserte folk rundt om på Osterøy. Arbeidet skrid framover, men her er det mange trådar som skal samlast, så tidspunkt for ferdig bok er endå litt uklart. «Osterøy til fots» som har vorte utselt, kjem også ut att i ny drakt. Så om alt går etter planen, vil turbøker for både veg og fjell vera tilgjengelege i løpet av året.
Årsmeldinga vart godkjent utan merknader.

3. Rekneskap 2013
Rekneskapet vart framlagt på årsmøtet. 2013 er økonomisk eit merkeår for laget. Lånet som vart teke opp i forbindelse med Bygdeboka er no nedbetalt, og rekneskapet syner eit overskot på kr 189 000,-.
Rekneskapet vart godkjent utan merknader.

4. Val
Nytt styre for 2014:
Geir Kleiveland, leiar – ikkje på val
Rune Revheim – ikkje på val
Leiv Mæhle – attvald for 2 år
Håkon Aasheim – ikkje på val
Hild Breivik – attvald for 2 år
Magnus Tveiten -går ut
Berge Borge – ny, vald for 2 år

Varafolk:
Kåre Flesland – ny, vald for 1 år
Signe Mjelde Nordås – attvald for 1 år

Ettersynsmenn:
Vidar Simmenes – attvald for 1 år
Rolf Kalland – attvald for 1 år

Valnemnd:
Agnar Vevle (leiar) – ut i 2015
Odmund Vevle – ut i 2016
Arvid Midttun – ut i 2017

5. Orienteringar og anna
– Geir demonstrerte korleis ein kan bruka heimesida til laget på ein rasjonell måte. Ved å bruka søkjeord vert det lettare å finna det ein er ute etter. Heimesida vert stadig forbetra, så det er viktig at medlemane er aktive brukarar.
– Minnesteinen ved Gjerstadkyrkja skal pussast opp før 200-årsmarkeringa 17. mai. Det vert ein dugnad seinare i vår. Osterøykoret som har 100-årsjubileum i år, vil også vera til stades og syngja. Ordføraren vert med under markeringa som skal haldast etter gudstenesta 17. mai.
– «Osterøy til fots» vart diskutert. Geir hadde med to flyfoto der ruta var teikna inn. Dette såg veldig bra ut, og me håpar å få flyfoto av alle rutene. Det var også ønskje om at eit bilde av startpunktet til ruta kjem med i boka. Før boka vert trykt om att vil me gå ut i Bygdanytt og oppfordra folk som har funne feil i den gamle boka, å melda ifrå.
– Det vart teke til orde for at Geir burde få ein påskjønnelse for alt det arbeidet som han legg ned med bokproduksjon og sal av bøker. Dette er noko som styret må ta tak i.

I pausen koste me oss som vanleg med lefser og kaffi.

Mæhle 20/3-2014
Leiv Mæhle

Årsmøtet 2014

Til medlemene

Innkalling til årsmøte
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Osterøy Sogelag.
Årsmøtet 2014 vert halde i nybygget på Osterøy museum måndag 17. mars klokka 19.

Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling – konstituering
2. Årsmelding 2013
3. Rekneskap 2013
4. Val
5. Orientering om ulike bokplanar

Undervegs tek me ei kaffiøkt med litt drøs om ymse planar som er på beddingen.

Vel møtt !
Kleiveland 15. februar 2014.
For styret i Osterøy Sogelag
Geir Kleiveland
leiar

Årsmelding 2013

Årsmelding 2013 for Osterøy Sogelag
1. Bokutgjevingar og boksal

A. «Gamalt bygdaliv på Osterøy»
I fyrstninga av september 2013 gav sogelaget ut boka «Gamalt bygdaliv på Osterøy». Dette var oppgåva som Monrad Solberg skreiv i 1965 til minne­innsamlinga «I manns minne». Oppgåva vart redigert og tilpassa ei bok­utgåve. Undervegs hadde me kontakt med etterkomarane etter Solberg som også lånte oss bilete. Boka vart på 110 sider medrekna bilete og har vorte svært godt motteken. Me trykte 1000 eksemplar, og har til no selt vel halv­parten av dette. Prisen er kr. 150.

B: «Tradisjonkalender for Osterøy 2014»
Me gav i november 2013 ut «Tradisjonskalender for Osterøy» for 2014. Dette er åttande utgåva av kalenderen vår. Opplegget er som før. Me held fast på bilete i svart-kvitt, slik at kalenderen vår får eit annleis preg enn mange andre i denne gata. Opplaget vart i år auka til 600 eksemplar. Det ser ut som me har fått ei fast målgruppe. Prisen er kr. 75. Kalender-nemnd var denne gongen Signe Mjelde Nordås, Grethe Solberg Mjelstad, Elin Bøe Kleive­land, Hild Breivik og Geir Kleiveland.

C: Ættebok for Haus II
I november 2013 gav sogelaget ut eit opp att-trykk av den gamle ætteboka for Haus sokn, «Ættarbok II Haus sokn» som er den offisielle tittelen. Dette er den gamle Haus-boka som vart gjeven ut i 1959. Ho har vore utseld i mange, mange år, og me har stadig fått førespurnader etter boka. No valde me å ta kostnaden med å trykkja boka opp att. Der er ikkje gjort noko endringar. Denne utgåva er berre for å gjera boka tilgjengeleg for dei som vil leita bakover etter slekta si. Opplaget er 1000 eksemplar, pris kr. 500. Til no har me selt ca. 150 bøker, så det står litt att før me er i balanse.

D: Anna boksal
Sidan starten i 1986 har Osterøy Sogelag gjeve ut til saman 29 boktitlar, med smått og stort, og 25 utgåver (av totalt 27 utgåver) av sogeskriftet. Dessutan har me overteke salet av ættebøkene for Hosanger frå Hosanger Sogelag, og frå Osterøy kommune har me fått hand om Hamre-bøkene og gards- og ættesoga for Bruvik-sokna. Dei mange boktitlane er i vinden også mange år etter dei vart gjevne ut. Av dei tidlegare bøkene våre har me selt for ca. 68.000 kroner i 2013. Salet av dei ulike ættebøkene har lege omtrent på same nivået som dei siste åra. Av dei 2 banda av Osterøy bygdebok har me no selt ca. 1670 eks av band 1, av band 2 ca. 1270. Også andre bøker sig ut, for ingen av dei vert «forelda». Viktigaste salskanalen vår er bokhandelen i Lonevåg, der bøkene går jamt ut. Bokhandelen i Arna hjelper godt på. Dessutan er nettbutikken vår ein svært god salskanal som når mange utanfor kommunen. I 2013 kom der i snitt 2 tingingar for veka. Totalt er det selt for mest 50.000 kroner over nettet dette året.

På husflidsmessa 16. november hadde sogelaget eigen stand, og 23. november hadde me salsstand ved butikkane på Osterøy + Øyrane torg. Det var ein veleigna måte å koma i kontakt med folk. Til saman vart det selt bøker for vel 37.000 kroner desse to helgene.

2. Osterøy i soge og samtid 2013
Sogeskriftet vårt er eit fast innslag i bokfloraen innunder jul. I år kom me med 27. årgangen, som vanleg saman med Osterøy museum. Som tidlegare år er minnestoff ein viktig del av innhaldet. Inga historie er lik; alle har personlege minne – om barndom, ungdom, eller særlege hendingar. Soger om kvardags­livet på godt og vondt kan aldri verta kjedelege. Synnøve Solberg fortalde om bestefaren sin, Ragnvald Solberg, som starta Lonevåg Møbelfabrikk og som etter krigen bygde opp Arna Bruk. To jubileumsår fekk plass: 100-­årsjubileet for allmenn røysterett og 200-årsmarkering for at Ivar Aasen vart fødd. Utvandringa til Amerika er også med. Leiv Mæhle presenterte ein slekt­ning som deltok i den amerikanske borgarkrigen. Og Reidun Vevle tok utgangs­punkt i eit brev som ein ung ostring skreiv som amerikansk soldat frå Frankrike under 1. verdskrigen. Vidare var her minne frå barne- og ungdoms­år, medan andre bidreg med stykke som gjev oss glimt av fortida.

Opplaget var (som vanleg) 1.300 eksemplar. Me har vårt faste publikum, som reknar sogeskriftet som ein del av førjulstradisjonen. Utgåva i år vart på 144 sider, med salspris 150 kroner. Sogeskriftet ligg til sals på alle daglegvare­butikkane på Osterøy, dessutan på bokhandlane i Lonevåg og Indre Arna. Skriftstyret har som før vore Randi Andersen, Olav Meltvik og Geir Kleiveland.
3. Nye bokprosjekt
I 2013 har me arbeidt ein del med «Osterøy på hjul», tenkt som ei rutebok for folk som vil gjera seg kjende på Osterøy i bil eller på sykkel, med vekt på lokalhistorie langs vegane. Styret delte Osterøy opp i 17 område, og har sett opp grupper i alle bygder som vil finna fram til aktuell lokalhistorie frå sitt område. Me hadde eit orienteringsmøte med deltakarane frå dei ulike bygdelaga 13. februar 2013 på museet, der kring 25 personar møtte. 10. oktober hadde me eit oppfylgjarmøte, der 12 møtte. Me vart då samde om å setja frist til 31.12.2013 for å levera stoff. Fleirtalet av gruppene har gjort ferdig arbeidet, men der står nokre kvite felt att. Her vil styret kontakta aktuelle personar og prøva å fylla ut det som manglar. Så vert det styret sin jobb å redigera alt materialet og få på plass biletstoff o.l.

Det er også planen å trykkja opp att «Osterøy til fots» og gje den ut saman med «Osterøy på hjul». Med tanke på desse bøkene var Berge Borge og Geir Kleiveland på flyfotografering 3. juni, saman med Rune Midttun som flaug. Truleg vert det endå ein tur.

4. Heimesida
Heimesida til sogelaget er eitt av vindaugo våre mot verda. På sida finn ein oversikt og omtale av alle bøkene og sogeskrifta som er gjevne ut. Dei sogeskrifta som er utselde (1989, 1990 og 1995) ligg no ute i fulltekst, slik at interesserte kan lesa dei på nettet. Det er mange som brukar dei ulike databasane, og gjennom nettbutikken sel me bøker som berre det, for det er mange som er interesserte i lokalhistorie frå Osterøy, særleg er ættebøkene i vinden. Adressa vår: http://osteroy-sogelag.org

5. Boklager
Boklageret til sogelaget er no flytta ned i eit eige rom i kjellaren i Revheims­stova på Osterøy museum. Me kjøpte reolar for 10.000 kroner og det meste er flytta dit. Men noko står att i kontorbua, arkivmagasinet i nybygget og på loftet i «Framhall». Me satsar på å samla alt på ein stad i nær framtid.

6. Økonomi
Alle aktivitetane i laget, både sogeskriftet og bygdeboka, er no med i den samla rekneskapen, så det finst berre ein rekneskap for laget. For 2013 syner rekneskapen at sogelaget har eit bokført driftsoverskot på vel 189.000 kr. Då er heile banklånet, opprinneleg på kr 500.000, nedbetalt, og alle bøker me har trykt i året er betalte. Laget er heilt skuldfritt. Økonomisk må 2013 seiast å ha vore eit økonomisk kronår.

7. Statsråd-bauta
Etterkomarane etter tidlegare statsråd og stortingsmann Ole M. Mjelde (1865–1942) vende seg til sogelaget om laget ville ta på seg å stå bak ein minnestein over ein av dei mest sentrale politikarane i Noreg i mellomkrigs­tida. Det sa styret ja til. Meininga er å plassera minnesteinen ved kyrkje­garden i Haus. Styret har søkt eigaren av grunnen, Opplysningsvesenets fond, om løyve til å setja opp steinen. Me ventar på svar. Dessutan har me søkt om pengestøtte. Sparebanken Vest og Lions-klubben har løyvt 30.000 kroner, totalbudsjettet er på ca. 40.000. Det resterande skal etterkomarane samla inn i slekta. Håpet er å få opp steinen i 2014.

8. Styret
Styret i Osterøy Sogelag har vore slik samansett i 2013:
Leiar: Geir Kleiveland
Nestleiar: Rune Revheim
Kassastyrar: Håkon Aasheim
Skrivar: Leiv Mæhle
Styremedlemer: Hild Breivik
Magnus Tveiten
Varamedlemer: Berge Borge
Signe Mjelde Nordås

Osterøy Sogelag har 52 medlemer.

Gardane i ættebøkene 1

Mange lurar på i kva for ættebok dei finn ein bestemt gard. Frå framsida på heimesida til sogelaget kan du klikka på «Gardane i ættebøkene» i menyen til venstre. Då kjem du fram til ei side der alle ættebøkene på Osterøy er lista opp. Når du trykkjer på overskrifta, vert du teken til eit oversyn som viser kva for gardar du finn i nett den boka. Gardane er lista både alfabetisk og etter gardsnummer, som stort sett fylgjer kvar gardane ligg i terrenget.

Førebels er ættebøkene for Gjerstad og Haus klare, men dei andre kjem snart.

Godt boksal

Boksalet til Osterøy Sogelag har vore godt i 2013. Me har selt bøker for ca. 335.000 kroner (netto). Sogeskriftet utgjer ein stor del av salet, men fleire av dei andre bøkene har også selt godt.

«Gamalt bygdaliv på Osterøy», livsminne av Monrad Solberg, utgjeven tidleg i haust, har funne mange kjøparar. Den oppatt-trykte Haus-boka er det også mange som har skaffa seg. Og dei to banda av Osterøy bygdebok har me også i år selt godt av. Elles har det gått ut mange ættebøker som mange finn fram til. Slektsgransking er populært.

Beste salskanalen vår er bokhandelen i Lonevåg, men det går også mange bøker gjennom bokhandelen i Arna. Dessutan sel me mange bøker gjennom nettbutikken vår. I år har det i snitt vore 2 tingingar for veka, og til saman har me selt for mest 50.000 kroner over nettet.

Sogelaget hadde salsplass på husflidsmessa, og ein laurdag i november hadde me salsdag ved butikkane på Osterøy og i Arna. Alt dette gav oss godt sal, og dessutan blest om sogelaget. Det er mange som ved slike høve vil prata om det laget driv med, og det er kjekt.

Ny tradisjonskalender

Så var tradisjonskalenderen for 2014 klar.
Kalenderen for neste år (2014) er no i sal. Som vanleg brukar me berre svart-kvite bilete frå vår nære fortid, eitt for kvar månad. Kalendaria inneheld dei mest sentrale merkedagane, både for samtida og slik forfedrane våre brukte dei. Og du har god plass til å skriva viktige hendingar for deg og familien.

Du kan lesa meir om tradisjonskalenderen her:
http://www.osteroy-sogelag.org/tradisjonskalender.html
Prisen på kalenderen er som før kr. 75.

Nytt sogeskrift i sal

No er «Osterøy i soge og samtid» for 2013 kome ut. Sogeskriftet inneheld som alltid ei mengd ulike artiklar om ulike emne frå lokalhistoria på Osterøy. Av artiklane kan me m.a. nemna:

I denne utgåva gjev me plass til to jubileumsår. 100-årsmarkeringa for røysterett for kvinnene er tema i artikkelen til Ingunn Rongved. Og i høve Aasen-året, som markerer at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, tek me fram korleis Aasen opplevde å vitja Osterøy.

Ein framsynt industribyggjar vert presentert i artikkelen som Synnøve Solberg har skrive om bestefaren sin, Ragnvald Solberg. Han starta med Lonevåg møbelfabrikk og bygde seinare opp Arna Bruk.
Utvandrarane møter me også. Leiv Mæhle tek for seg ein forfader som deltok i den amerikanske borgarkrigen, og Reidun Vevle tek utgangspunkt i eit brev som ein ung ostring skreiv som amerikansk soldat frå Frankrike under 1. verdskrigen.
Rune Revheim tek utgangpunkt i vatn og fortel om korleis dei mange vassfalla i bygdene var grunnlag for verksemder av mange slag, både kverner, sager, tisefabrikkar og smier.
Elles er her mange artiklar som fortel glimt frå vår nære fortid. På ulike måtar skildrar dei korleis folk har levd i bygdene våre. Sogeskriftet kan kjøpast i butikkane på Osterøy, Osterøy bok og papir og Arna Bokhandel.
Men årboka kan også kjøpast i nettbutikken vår, http://osteroy-sogelag.org/nettbutikk153

Haus-boka er no i sal

Endeleg er Haus-boka ferdig frå trykkjeriet !

Den gamle Haus-boka vart gjeven ut i 1959. Ho har vore utseld i mange. mange år, og det er mange som har spurt etter boka. No har Osterøy Sogelag kosta opptrykk av boka, og ho ligg no for sal. Pris kr. 500,-.

I boka finn du alle familiane som har budd på gardane i den gamle Haus-sokna, som femnde delar av Osterøy og Arna. På Osterøy gjeld det gardane fom Hansdalen tom. Vemmalvika (gnr. 47-69). I Arna gjeld det gardane på Skuggestranda, fom. Skulstad tom. Tunes.

Denne utgåva er eit faksimileopptrykk av den gamle boka. Det betyr at der er ikkje gjort endringar eller tillegg, sjølv om det er lenge sidan boka fyrst kom ut. Men det viktigaste er å gjera boka tilgjengeleg. For dei som leitar bakover etter slekta, er boka like verdfull i dag som då ho fyrst kom ut.

Du kan kjøpa boka i nettbutikken vår: http://osteroy-sogelag.org/nettbutikk