Søk på Osterøy Sogelag
Lonevåg
Lonevåg er ein av dei stadene som har opplevd størst endringar. På det eldste biletet dominerer dei to tjørnene, ”Nora” og ”Søra” tjørna. Både i Lonneset og oppover mot Hatland var det framleis drive jordbruk. På det nyaste biletet ser me korleis tjørnene er attfylte, Tide og dei to handelshusa dominerer sentrumsområdet.