Osterøy i soge og samtid

Søk på Osterøy Sogelag

1946 - Foto: Smith-Pettersen 1989 - Foto: Helge Sunde

Haus

Like etter krigen var det berre nokre hus i sjølve Hausvika. Det fyrste byggjefeltet var Leikneset, bygt ut i åra frå 1949. Seinare vart det bygt hus i Åsheimsmarka, og i 1980-åra vart byggjefeltet i Skipahjellen (øvst) bygt ut. Sjølve sentrum vart flytta frå området kring ferjekaien og nærare kyrkja, med ny butikk, bensinstasjon og Thunestvedt-bygget med ulike butikkar, seinare bygt om til husvære.