Bokstova til Osterøy sogelag
I 2025 stod BOKSTOVA til Osterøy sogelag ferdig. Her lagrar no sogelaget restopplaget av alle dei bøkene laget har gjeve ut sidan starten i 1986.
Magne Kleiveland, med sine undersåttar, var byggmeister for huset som vart reist som eit grindabygg og med liggjande plank mellom stavane, såkalla sleppverk. Det er såleis eit svært spesielt hus sogelaget har fått reist på området til Osterøy museum.
For å dokumentera byggjeprosessen har laget laga eit bok som fortel korleis bygget vart reist. Det er ei biletbok med utfyllande merknader som viser at dette på alle måtar er eit spesielt hus.
Undervegs har medlemer i sogelaget ytt ca. 1200 dugnadstimar, så deira løn for strevet er eitt eksemplar av boka som viser kva dei har vore med på.
Men også andre med interesse for denne typen hus har høve til å kjøpa boka, sjølv om ho er trykt i eit avgrensa opplag.
Boka er på 64 sider - mjukbind - format 21x21 cm.
Pris kr 150 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-63-8
Utgjevingsår: 2025
Boka kan kjøpast i nettbutikken vår, og på COOP Extra i Lonevåg.